No 16. mai er vel dei fleste ferdig med lemminga. Håpar at det har gått bra og at mange livsfriske lam er klare til å sleppa ut.

Det har vore ein svært kald vår og me ventar forsatt på varmare dagar slik at snøen fer og graset gror.

Eit årleg fenomen om våren er jordbruksforhandlingane. Dette året har omlegginga av lammeslaktetilskotet vore eit heit tema. Kvalitetstilskotet på lam skal nå betalast ut med slakteoppgjeret og ikkje som etterbetaling.

Avtalepartane har gått inn for at det vert berre utbetalt halvt tilskot (kr.250.00) for 2015 og 2016 for å komma inn rute att i 2017 med kr. 500.00 pr lam som held kvalitet. Saueprodusenten vil tapa to halve tilskot, noko me har gjort dei merksam på utan at me har nådd fram.

Eg beklagar sterkt det som er skjedd og er svært skuffa over faglag og organisasjon. Denne siste veka har eg brukt mykje tid på dette, utan å lukkast.

Sveinung