Tida kjem fortare for kvart år, og nok eit år er snart gått. I fjor hadde me ca 1 m med snø, men i år blir det grøn jul for oss i Hamrabø. I skrivande stund er det heilt snøfritt, men me hadde ca 50 cm for nokre veker sidan før “Synne“ ordna opp.

No håpar eg at alle har fått lam i sauane og er nøgd med jobben til véren. Har fått melding frå enkelte med noko skuffande resultat på insemeneringa i haust. No er julehelga her og me får gleda oss med det som var positivt dette året, sjølv om det var ein svært utfordrande vår og sommar.

Eg vil nytta høve å takka alle dykk som stilte opp på dugnad og var lette å be, likeins dokken som er i styre og tek ansvar . Takk til alle !

Eg vil ynskja alle ei roleg og fredleg julehelg, og eit godt nyttår!

Helsing

Sveinung Havrevoll