No nærmar det seg julehelg  og nå får me håpa at veren har gjort ein god jobb slik at det vert mange lam til våren. Dei som har inseminert er det alltid spennande kor mange som kjem oppatt, og tilslaget har vore bra. Me får håpa på ein god beitesommar til neste år og, det ser ut til å verta mykje snø i heio noko som ofte gir ein god sommar. I skrivande stund er gjerda dekka her i Hamrabø, slik at det er vel 1m med snø hjå oss.

Eg vil nytta høve å takka styre for godt samarbeid og alle dykk som har stilt opp på dugnad gjennom året når det har vore trong for det.

Gjetarhund-nemnda har som vanleg gjort ein svært bra arbeid for å få til gode gjetarhundar med trening kvar veke, og gjetarhundprøve til slutt no i haust.

Det er svært viktig at styre får innspel frå medlemene så takk til dokken som har tatt ein telefon til meg om ymse ting.

Så vil eg til slutt ynskja alle ei fredeleg julehelg og eit godt nyttår vel møtt i 2015!

Helsing

Sveinung Havrevoll