KÅRING AV VÆRLAM HAUSTEN 2016

 

Nå nærmar det seg kåring og det er viktig å stille med dei beste kandidatane frå både bruks- og avlsbesetningar for å bringe dei beste genene vidare.

 

Innmelding av kåringskandidatar kan gjerast på to måtar:

  1. Vi håpar at flest muleg nyttar seg av eigeninnmelding på www.saueavl.nsg.no Opnar 10.sept.

Bruk samme innlogging som på sauekontrollen. Kåringsbevis kan sjølv hentas ut i etterkant.

  1. Send mail eller SMS til PC-kårar med nummer på lamma. Dei andre opplysningane ligg inne.

 

Kva må saueeigar gjere i forkant:

  • Alle haustopplysningar på lam som stiller til kåring, må vera inne i sauekontrollen minst 2 dagar før kåringsdagen. Det er ikkje muleg å gjere rettingar på kåringsdagen.
  • Det er viktig å sjekke at lamma ligg inne med rett kjønn, rase og far. Eit spællam med farga fell må ha rasekode 21. For å bli kåra, skal rasekode for mor og far vera den samme som lammet. Unntak for spæl der foreldra kan ha rasekode 4, kvit spæl eller 21, farga spæl, og Nor-X der foreldra kan ha rasekode 20, 10, 11 eller 23.
  • Indekskrav på NKS er 115, og på kvit spæl 110. For å kåra på dispensasjon er krava henholdsvis 110 og 105. Dispensasjon er særleg aktuelt for kvit spæl, der ein reknar med at ein del av lamma blir vraka pga. for mykje marg eller dauhår i ulla.
  • Det oppfordres til å møte på kåring med mange lam av kvit spæl.
  • For å kåra lam må ein vera medlem i NSG.
  • Vêrlam til kåring skal ha to øyremerke i samsvar med merkeforskrifta.
  • Sjuke eller skadde dyr får ikkje møte på kåringssjå.

 

Kåringssjå/Gardskåring:

  • Hensynet til smitterisiko er alltid like viktig!
  • Lamma skal fotbadas før kåring og ved heimkomst.
  • Alle dyr på kåringssjå skal direkte frå hengar til eigen binge.
  • Mattilsynet sine reglar MÅ følgjes  både på kåringssjå, heimakåring og ved kjøp og sal av vêrar .
  • Kåringsavgifta er kr. 140,- pr. kåra lam. Etterkåring kostar kr. 100,- pr. lam i tillegg, pluss reisekostnader til domma

Suldal Sau og Geit