Dømming av kropp og ullmengde er tatt vekk, og NKS og kvit spæl blir nå bare bedømt for 3 eigenskapar. Smårasane blir bedømt for rasepreg i tillegg. Kåringsreglane for 2016 ligg på www.nsg.no under «kåring sau». Regelverk for enkeltrasane blir lagt ut etter kvart som dei blir ferdige.

 

1. BRUKSEIGENSKAPAR:

Dommaren skal leggje størst vekt på eksteriøre trekk som blir nedarva og som har betyding for søye og lam i forbindelse med lamming. Gode brukseigenskapar er:

  • Langt, bredt og hellande kryss
  • Spe (ikkje grov) beinbygning
  • Ikkje lause bøger
  • Høgstilt
  • Godt lynne

 

Vêrlammets kjøttfylde har ikkje betyding for dommarpoenget for brukseigenskapar. Avlsverdien for kjøttfylde inngår i O-indeksen for lammet.

 

2. BEINSTILLING:

Beina skal være velstilte, med gode leddvinklar, spesielt i kodeleddet. Klauvene skal være jamstore, med jamn slitasje og rette klauvvegger.

 

3. ULLKVALITET: 

Vurderas i samsvar med «Norsk ullstandard». Crossbred skal ikkje ha marg el. dauhår. Minstelengda for crossbred er 8 cm og for spælull 15 cm, korrigert for alder og burd.

For SPÆLULL gjeld eigne reglar: For å få 7 i dommarpoeng, kan ulla innehalde litt marghår og dauhår. For å få 6 i dommarpoeng, kan ulla innehalda noko marg og dauhår. Ved mange marghår og dauhår får ulla 5, og lammet blir vraka.

 

4. RASEPREG:

Smårasane får dommarpoeng for rasepreg. Regelverk med rasebeskrivelse blir lagt ut på www.nsg.no  etterkvart. NKS og kvit spæl dømmas ikkje for rasepreg.