Fredag tok Sven Kverneland turen frå Jæren for å kursa Suldølen i gjetarhund. 

Teorikvelden handla om hunden sitt toleransevindu og ei innføring i kva for nokre verktøy ein har for å kunna trena hunden sin på best mogleg måte.
Det blei god diskusjon rundt bordet, og alle fekk presentert sin hund og sine problemstillingar. 

Laurdagen skulle me sette ut det me har lært i praksis. 
Sven er ein instruktør som er mykje på banen sjølv, og alle fekk støtta og hjelp til det dei trengte. 
Det var veldig interresant både å trene sjølv og sjå på dei andre som trente. 

Etter kvar ekvipasje var ferdig snakka Sven igjennom det dei på banen hadde gjort å kvifor. 
Det var 9 kjekke hundar som fekk bryna seg på sauen til Trine Sivertsen og Tarjei Sandal.
Alle vert veldig fornøgde til slutt og hundane var slitne og glad. 

Eit av måla med kurset var å rekruttere nye ansikt til å bli med oss og trene sin gjetarhund.
Dessverre såg me ingen nye ansikt men, me vonar dei ser kor kjekt me har det, og korleis me hjelper kvarandre og bygger kvarandre opp for å få til gode hundar og godt gjetarhundmiljø i Suldal.

Gjetarhunden er ein utruleg god ressurs for garden, men ein endå betre venn og kollega.

Me ynskjer alle velkomne til neste arrangement. Vonar å sjå dykk der.
Vennleg helsing frå styret i Suldal Gjetarhundnemnd