Ved Torbjørn Hertek-Aas.

Her i fylket hadde vi i lang tid hatt Jæren Smalelag og eit fast etablert opplegg med sauesjå, og kring desse var det interessegrupperingar for rygjasau, dalasau, spælsau osv. Sauebønder i Roga!and såg til dels på det nyskipa landslaget med litt reservasjon. Trønderen Fritz Loyt Johnsen og vossingen Ivar 
Finne, begge busette ved Oslo, var litt fjernt frå sauehaldsmiljøet hjå oss. I tillegg førte generalsekretæren ein ganske kraftig ordbruk mot Noregs Kjøtt- og Fleskesentral med klar adresse til dei om at sentralen måtte vera meir raus med å gje pengar til 
landslaget. Med utgangspunkt i Landbruksselskapet fall det likevel ikkje vanskeleg å samla ein del interesserte sauefolk til skipingsmøter rundt om i fylket. Og når vel akta folk som statskonsulent Sigurd Bell, Jesper K. Ravndal og Alf Ravndal med fleire la inn eit godt ord for desse nye laga, kom vi ikkje tomhendte heim frå desse møta. Med innsats frå stadig fleire, kom vi så langt at Norsk Sau- og Geitalslag hadde årsmøte i Totalen i Stavanger eitt av dei åra eg var med i dette arbeidet. 

Norsk Sau- og Geitalslag blei stifta i 1947, og i dei næraste åra kom det ei rad lokallag m.a. her på Jæren. Timebuane starta i 1949, og alt i 1950 laget det største i Rogaland med sine 196 medlemmer. Det var om lag 20% av medlemsmassen i Rogaland 
og mest dobbelt så mange medlemmer som i det nest største laget. 

Det må ha vore gode organisasjonsfolk som tok fatt i Time den gongen. Posisjonen som det største laget heldt Timebuane heilt til i 1990. 

"Norsk Sau- og Geitalslag har sett seg som oppgåve å gjennomføra samarbeid i produksjon og omsetnaden av kjøt, ull, skinn og geitost. Vidare skal laget få omsetnaden av ull inn i meir tidhøvelege former og få folk ril å bruka meir av norsk ull. Laget skal sørgia for at dei naturlege vilkåra for sau- og geitalet i landet vert best mogleg nytta - - og arbeida for ei plan fast al bygd på rasar som høver i dei einskilde landslutane." Dette var med Jone Vadla sine ord, målsettinga for Norsk Sau- og Geitalslag. Trass i ei slik samlande målsetting, korn det til kvass strid i Nsg. Det vart brot mellom dei stridande partane i 1966, Då gjekk Time Sau- og Geitalslag inn i småfelaget, og var der til midt på 1970-tatet. Der arbeidde laget vidare med mange viktige saker. 

Når det gjeld ullhandtering og -omsetnad, var Timebuen Odd Schibevaag tidleg med fyrste rekke. Av styreprotokollen i 'lime Sau- og Geitalslag frå 1960-åra og frametter, går det fram at laget dreiv ein eigen [ammasentral, organiserte køyring av ull til mottakssentralen og hadde inntekter av det. Laget hadde og ansvaret for kontroll av utstillingsverene. Dei gjekk inn for avkomstgransking av verar i 1965, kjøpte inn avmakkingspistoler til bruk for medlemmane alt i 1964 og kontrollvekt i 1968. Frå slutten av 1960-åra fekk medlemmane stadig påminningar om å vetta med i saue-konrrollen, som hadde nokså låg tilslutnad i Rogaland. Desse oppmodingane har ein halde fram med. Laget arrangerte og larnrnakåringar og har halde fram med kårtngsdagar. Ein fekk og ein eigen veraring frå 1978. Det fyrste kåringssjået kom i 1979. Då hadde ein hatt ein veraring tidlegate i nokre år, men den gickk inn. 
 

Sauen og særleg alyarbeidet er ein miljøskapande faktor, og ein god ver har høg status, det syner dette biletet. Denne veren var ein av dei mange gode som kom Mauland. Ståande f.v.: Agnes Mauland, Karl og Trygve Tunheim. Sittande f.v.: Maria Il'lau/and, 
Torkel Gausiand, Olaus Mauland, Janna Gausland, Severine og Guri Tunheim og Ola Mauland. 
Foto: Simon Mossige 1942. 

Alt i 1980 var laget positivt til inseminering av sau. Dette syner at laget var oppteke av alle sider av alsarbeidet, noko det og har vore sidan. 

Frå 1975 dreiv laget vidaresal av netting og gjerdemateriell til medlemmane. 1 1977 starta dei ein studiering under mottoet "Sauehald med framtid". Seinare har det vore studieringar der ein har gått gjennom framlegg til jordbruksavtale og korne med uttalelser til framlegget. 

Time har i alle år vore ein kommune med stor grad av heiaføring av sau. Dette har nedfelt seg i handsaming av saker som assuranse av sau på heiabeite, beitepoliti (tjuvstakting), jervepremie (1966), frakttilskot til sau på heiabeite og diskusjon om heiabeite i høve til heimebeite. 1 1997 hadde 85 av 204 medlemmar all smalen sin på heimebeite om sornmaren. Resten deltok i heiaføring med større eller mindre deler av smalen sin. Gjærerhund-kurs kom etter kvart med på programmet. Også sauesjukdommer har stått i fokus, avmakkingspistol er nemnd. I eir par høve har ein støtta forsking om alveld. Ein har laga metodar for bekjemping av makk og snyltarar, og ein har vore særs aktivt med på tiltak for å bekjempa mædi og skrapesjuke. I sju år var Time isolett i alsarbeidet på grunn av mædi. 1 1990-åra byrja ein med ultralydmålingar. 

Dei seinare åra har styret i laget uttala seg om jordbruksforhandlingane. Ein har og engasjert seg i rovdyrproblema og mellom anna gått inn for jakt på gaupe. Laget har også kravd inn ekstrakontingent til revapremle. 

Saua-miljøet har truleg alltid vore meir sosialt enn andre husdyrrniljø. Laget har i høg grad makta ä kombinera det faglege med det sosiale. Fagmøta har alltid vore godt besøkte, det same gjeld årsmøta (50% oppmøte). Ein har i mange år arrangert sommarrurar der ein har lagt vekt på fag og samvær. Kåringsdagane høyrer og med i dette biletet. 

Høgindeksyeren Molen 8641029, fødd hjå Ola Mellemstrand som har tilført saueflokkane i Time og elles i fylket mykje godt. Truleg den veren snn har mest avkom etter seg. Han er brukt i 10 år. Her er han 9 år gamal. Foto: Ingvar Risa 1995. 

Dette skjemaet er frå den fyrste offesielle sauekontollen i Time tidleg i 1950-åra og syner mål og vekt på dei ulike saueflokkane.

Time Sau- og Geiralslag Iegg stor veke på sosiale aktivitetar for medlemmane. Her har laget sommartur til Njåfellez Foto: Marta Nedrebø. 

For å styrka miljøet og den faglege satsinga, var laget i første delen av 1980-åra med på bygginga av Time skyttarlag sitt nye anlegg gjennom dugnadsinnsats. Slik har ein eit flott møtelokale og kåringsplass på skytebaneområdet. 

Alt i alt har Time Sau- og Geitalslag markert seg aktivt og med srort engasjement på alle område det er naturleg for eit slikt faglag å ta del i. Med åra har ein og vorte oppreken av å marketa seg overfor publikum. Deltaking på Jærdagen, grilling av lammekjøt på Mega og «Open gard" er tiltak som syner dette. 

Formenn i Time Sau- og Geitalslag 1949 - 1998 

Odd Schibevaag 1949-1951
Trygve Tunheim 1952
Torbjørn Sikveland 1953
Ola Mauland 1954-1956
Toralv Søyland 1957
Per Aarrestad 1958-1959
Chr. Aasland 1960-1961
Ingvald S. Undheim 1962-1963
Ola Madland 1964-1965
Sverre Hadland 1966-1968
Torleiv Søyland 1969
Peder P. Sæland 1970-1971
Sverre Hadland 1972-1974
Tønnes G. Kverneland 1975-1978
Hermund Lende 1979-1982
Ordin Fjermestad 1983-1986
Jesper Eikeland 1987-1988
Bjørn Høyland 1989-1990
Torstein Tunheim 1991-1993
Jonas Fjermestad 1994-1996
Terje Nedrebø 1997-


Nåverande og tidlegare formenn i laget samla på Garpestad for å markera starten på 50-årsjubileet. Meny. Smalafide. Frå venstre: Jesper Eikeland, Ordin Fjermestad Per N. Aarrejtad, Torleiv Søyland, Hermund Lende, Torstein Tunheim, Torbjorn Hertel-Aas (intervjuar), Tønnes G Kverneland, Jonas Fjermestad, Svene Hadland og Terr Nedrebø. Bjørn Høyland var til stades. Foto: Marta Nedrebø 1998 
 

Les orginal artikkelen her