NLR Rogaland/Rogaland Landbrukspark vil med dette invitera sauenæringa til beitekurs over to dagar; ein dag i vår og ein til hausten. Dette er eit samarbeid mellom NLR Rogaland og Nortura, Fatland og Prima Gruppen samt Rogaland Sau og Geit og Vinterlandbruksskulen på Jæren. 

Tid og stad. Ved påmelding gir du beskjed om kor du vil møta

  • Torsdag 13. mars på Vaulali i Strand kl. 19.00-2200.
  • Måndag 17. mars i Mastrahallen på Mosterøy kl. 19.00-22.00
  • Torsdag 20. mars på Undheim Samfunnshus kl. 19.00-22.00

Tema

  • «Mineralmangel som mulig årsak til redusert tilvekst på beite». Til å snakka om dette viktige emnet har vi fått med veterinær Tore Sivertsen frå veterinærhøgskulen (NMBU) og veterinær Lisbeth Hektoen frå HS Sau (Animalia). Tore vil delta på Undheim og Lisbeth på dei to andre møtestadane.
  • NLR v/Ragnvald Gramstad vil ta for seg emne kring grovfôr, beite, gjødsling og aktuelt fagleg framfor kommande vekst/beitesesong.
  • Karulf Håkull frå Nortura vil ta opp aktuelle utfordringar omkring fôring i tida nå før og etter lamming.
  • Aktuelt frå slakterinæringa.
  • Uttak av beiteprøvar i kommande vekstsesong. Bruk av beitetolken.
  • Program for haustmøta.

Kursavgift kr 500,- per møte. Matservering.

Du vel sjølv om du vil vera med på heile kurset (begge møta samt beitepøvar), eller om du berre vil delta på noko av opplegget. Påmelding til rogaland@lr.no eller 51 78 91 80 så raskt som mogleg, og innan 6. mars.