Fagmøte om utmarksbeite og sau
Laurdag 22. februar vert det arrangert stort fagmøte om utmarksbeite og sau på Lister videregående skule i Kvinesdal. Møtet startar kl. 13:00 og går fram til kl.16:30.
Erling Skurdal frå Nortura kjem og held innlegg om:
- korleis oppnå flest mulig slaktemogne lam direkte frå utmarksbeite?
- tiltak for å sikre tilgang til utmarksbeite framover med vekt på beitebruksplanar.
Ole Steffen Gusdal frå Fylkesmannen:
- tar for seg statistikk tap av sau og lam i 2013. Rapport frå beitelaga og førebyggande tiltak.
Tønnes Hamar frå Flekkefjord beitelag:
- skal fortelja om handlingsplanen dei har for betre tilvekst og mindre svinn av lam.
Alle som er interesserte er velkomne.
Vest-Agder Sau og Geit,
Fylkesmannen i Vest-Agder
og Prosjekt «ny giv i sauehaldet i Vest-Agder»