Fagtur med Rogaland Sau og Geit 26.-30. juli til Gotland:

Fjelldagane til RSG gjekk dette året til Gotland i Østersjøen. Vi vart fordelt i tre busser, «Gotlandsauen», «Spælsauen» og  «Gotlandsrussen» , rundt på gardsbesøk. Det var guide i kvar buss og vi  fekk god informasjon om landbruket rundt om på øya.

Det er 57000 innbyggarar på Gotland  og  50000 sau og  lam. Vi var på Nors og Bâcks gard som driv økologisk, der produksjonane er Gotlandsau (Pelssau) og kjøttfe av rasen Simmental og Charolais. Dei leigde store verna beiteområder av Staten, for å pleie kulturlandskapet. Vi besøkte også Risung Gard, der Ulla og Claes Berglund driv med 450 v.f. sau. Det vart lagt stor vekt på avlsarbeidet på pelsen, skinna vart sendt til garving og tatt i retur. Ørn var problem, for å få erstatning måtte dei bevise at lammet levde før ørna drap det, det måtte gjerast ved å filme.

 Heilgrilla lam er populært, og dei utnytter alt på sauen, hovudet vart fortært med heimelaga Gotlandsøl, det var tradisjonsmat. Gotland dyrkar mykje økologisk mat som vert eksportert til restaurantar på fastlandet.

Jorda var skrinn og kalkrik, og det vart dyrka mange ulike vekstar, blant anna raps, som gav ca. 2000 liter olje pr. hektar. Bøndene er svært kreative for å kunne overleve på den innteninga dei har, dei  samler tang og tare som vert bruka som gjødsel på åkrane.  Mange bønder driv med gardsutsalg  der det vert solgt skinn- og ullprodukter av Gotlandsau, syltetøy av  salmbær, som veks kun på Gotland, rapsolje, ost, handverk og elles ting  som dei produserer.

Vegkantar, åkrar er eit flott syn med ville orkidear, kornblomstrer og valmuer, som vert tatt vare på ved å ikkje slå før dei er avblomstra og vegane vert ikkje salta om vinteren.

Filmane om Pippi Langstrømpe er innspelt på Gotland, forfattere finn roen her,  og øya vil bli huska med Ulf Lundells lovsang til Gotland: «Jag trivs best i øppna landskap, næra havet vill jag bo, några månader i året, så at sjelen kan få ro»

Takk til arrangør og deltakere  som var med og bidrog til at dette vart ein gild tur

Ref. Berit Pettersen