Hordaland /Rogaland Sau og Geit og Nortura SA inviterer til fagmøte, der ein av landets fremste innan fagområdet invollsnyltarar, kjem til Sandeid. Atle Domke er veterinær ved Norges veterinærhøgskole Seksjon for småfeforskning i Sandnes.

Atle tek føre seg det siste innanfor dette området i foredraget sitt. Målet er at parasittane ikkje skal påverka saueproduksjonen negativt i høve til dyrevelferd og økonomi.

Olav Tørresdal frå Mattilsynet er og med. Han tek for seg medisinering i eigen buskap.

Gunnar Dalen, lokal veterinær tek for seg utfordringane lokalt innan næringa.

Møtet er ope for alle interesserte, og vi vonar mange finn vegen til Sandeid denne kvelden.

I tillegg til fagleg påfyll og saueprat vert det matservering.