15. januar kjem sauebonde Karstein H. Bergset til Ølen og fortel sin sterke historie om «møtet med veggen».

Ein tung haustdag i november 2006 stikker ein kamerat tilfeldig innom Karstein Bergset (43) på garden i Rendalen. Det reddar livet til Karstein - og dei 230 sauene hans.

Rogaland Sau og Geit i samarbeid med Hordaland Sau og Geit inviterer til opne møte der vi får høyre Karstein sin historie. Det er mykje god bondevelferd og dyrevelferd i å bry seg om kvarandre! I løpet av livet vert halvparten av oss i psykisk ubalanse – er det ok å hjelpe når vi ser at noko er gale?


Stad/tid:

Ølen, 15. januar, kl.19.30, Ølen Kulturhus

Møta er opne for alle!

Det vert kaffe, noko å bite i og mykje god prat om eit viktig tema.

Vel møtt!