Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Oktober 2020
Ma Ti On To Fr
   1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031 
       

Klyppekurs i Hamrabø

16.11.2014 | Skrevet av Lena T. Steine

Fredag den 7. og Laurdag den 8. skipa Suldal Sau & Geit til klyppekurs hjå Torunn og Sveinung Havrevoll.

Suldal sau og geit skipa til klyppekurs hjå Torunn og Sveinung Havrevoll 7 og 8 nov. 14.Det var 12 påmeldt, dei aller fleste var utan erfaring med å klyppa.

Me hadde fått topp instruktørar Halvard Stokkedal , Hilde Fosen og Stina Bakkedal Fosen.

Me starta opp kl. 15.00 på fredag.

Det var 2 deltakarar på kvar maskin, slik at alle var i aktivtet med å klyppa og sortera og pakka ull.

I pausen var det mat og så fekk me sjå ein video om klypping og ullbehandling.

Neste dag starta me kl 9.00, og alle fekk god hjelp av flinke instruktørar, det var stor framgang å sjå i løpet av dagen.

I mat økta vert servert betasuppa og etter på viste Hilde og Stina sortering av ull og korleis ein kan auka verdien av ulla med rett sortering før me forsette med klypping.

Me av slutta kl. 15.00

Suldal sau og geit vil få takka Halvard, Hilde og Stina for to trivelege og lærerike dagar og Nortura for sponsing av kurset.

Takk også til deg som var med som deltakar og gjorde at kurset kunne skipast til.

Suldal sau og geit

Sveinung

 
Suldal Sau og Geit
Org. nr.:
E-post
Postadresse
N-
Kontakt Tlf.: (+47)