Banner Banner Banner Banner

Kalender

  April 2021
Ma Ti On To Fr
   1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  
       

** oppdatering av Nettsida SFSG epost: jonny@lofnes.no

 

 

 

 

 

 

 

Aurlandsseminaret 2015

Fra 18.03.2015, til 21.03.2015 kl. 23:59

Vi vil gjerne invitere medlemmane i Sogn og Fjordane Sau og geit særskilt til Aurlandsseminaret 2015. Seminaret er på Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland frå 18. - 21. mars.

Seminaret er opent for både bønder og andre som er interessert i mat- og matproduksjon. I år vil det ha to hovudtema: Jord og beite. Tema som er sjølvsagte for dei fleste bønder i Noreg og på Vestlandet - så sjølvsagte at det både er stadig meir og lære, og at ein kanskje gløymer å tenkje på dei i kvardagen? 
 
Kva seier jorda mi om vekstane som er der - og omvendt? Kva kan eg finne ut om jorda på garden min på eiga hand - utan å sende ho til analyse? Norske forbrukarar er stadig meir opptekne av norsk mat på norske ressursar - korleis kan vi tenkjer nytt og få enno meir ut av den flotte utmarka vår? Kan det å satse meir på beite gje sunnare produkt, og korleis kan vi klare å ta vare på denne meirverdien heilt fram til forbrukaren? 
 
Dette er spørsmål og diskusjonar vi kjem til å ta opp under fagdagane på Aurlandsseminaret, og som vi ynskjer flest mogleg matprodusentar med på. Her er programmet i kortversjon, for meir utfyllande detaljar sjå www.aurlandsseminaret.org eller følg seminaret vårt på facebook. 
 
Det er mogleg å melde seg på enkeltdagar, eller heile seminaret. 
 
Program
Onsdag: Jord
11.30 – 12.15 Lunsj og registrering
12.15 – 13.15 Kva er matjord, ved Øystein Haugerud
13.15 – 14.15 Kva kan jorda fortelje oss? ved Nathaniel Mead og elever frå SJH
14.15 – 14.30 Beinstrekk
14.30 – 15.30 Jordbiologi ved Berit Swensen
15.30 – 16.00 Oppsummering og vegen vidare
Kveldsaktivitet Mat og oppleving i landskapet – TBA

Torsdag: Beite
09.30 – 10.00 Kva skal vi med utmarka, ved Siri Helle
10.00 – 11.30 Fôrdyrking og beiteplanlegging med Holistic Management, ved Anders Lerberg Kopstad
11.30 – 12.15 Lunsj
12.15 – 13.00 Forbruk, kjøt og klima, ved Christoffer Ringnes Klyve
13.15 – 14.00 Du blir det dyret du et har ete, ved Anna Haug
14.00 – 14.30 Kaffipause
14.30 – 16.00 Paneldebatt og samtale kring tema
19.00 Festmiddag med underhaldning
Hanne Frosta og kokkelaget står for maten, med råvarer frå lokalmiljøet
Jens Brekke med vener underheld

Fredag: Praktiske verkstadar
Velg og vrak: Kurs i røyking av kjøt og fisk, å lage mat i naturen, økologisk blomedyrking, kompostering, mjølkesyregjæring av grønsaker, mjølkeforedling, baking med surdeig, tradisjonsbakst på takke, spekemat og pølsestapping.
 
 
Bh
Siri Helle
for Aurlandsseminaret 2015

 

 
Sogn og Fjordane Sau og Geit Org. nr.: 991 051 694
Leder Ragnhild Sæle
E-post: ragnhild.saele@enivest.net 
Sekretær Solgun Haugen
E-post: solgunh@hotmail.com