Januar 2021 |
Ma | Ti | On | To | Fr | Lø | Sø |
---|---|---|---|---|---|---|
1 | 2 | 3 | ||||
4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 |
11 | 12 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 |
18 | 19 | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 |
25 | 26 | 27 | 28 | 29 | 30 | 31 |
Værlamkåringa i Gloppen vert i år SØNDAG 6. Oktober kl. 09.00 på Norsk Fjordhestgard. Arrangørane Breim sau og geit i lag med Gloppen sau og geit håpar på størst muleg deltaking denne søndagen. Det vert ein sosial og triveleg småfedag i ridehallen på Norsk Fjordhestgard. Litt aktivitetar for store og små. Det vert servert betasupa oppe på låven. Vel møtt til ein kjekk sosial småfedag på Breim. Samtidig håpar vi flest mogeleg stiller på med ei triveleg økt for å rigge bingane laurdag 5. Oktober kl 16.00.
Sankinga er godt i gang. Sauene går periodevis i utfordrande fjellparti. Småfenæringa opplever langs med at sauen går seg ned i særs utfordrande terreng og til tider går seg skikkeleg fast. Mykje greier næringa sjølv å få lause på ein bra forsvarleg måte utan å risikere liv og helse. Tidlegare har det vore spurt om fagfolk i fjellklatring for å få hjelp med deimest utfordrande situasjonane kring i fylket vårt. Underteikna har også i år vore kontakta om ein veit om nokon som kan ta på seg desse mest utfordrande klatre og sikringsjobbane. For få dagar sidan tok fjellklatrar Sigurd Felde ein jobb iGloppen. Felde bur i Sogn men tek oppdrag kring i fylket vårt. Han er erfaren og har klatra dei mest utforande fjellparti som kan klatrast. Sigurd Felde har stilt seg til disposisjon for oppdrag om det skulle vere behov. Det er viktig å ha nokon å kunne spørje for småfebonden når ein kjem i ei knipe med skårfaste dyr. Næringa ynskjer å unngå uheldige episodar og det å kunne løyse dyra i ein tidleg fase samtidig som ein unngår å risikere liv og helse for gardbrukaren. Sigurd kan kontaktast på følgande måte: Sigurd Felde Mob: 99695248 Sigurdfelde@hotmail.com.
Onsdag 13. Februar vert det ullinnsamling i heile Breim.
Ved Breimshallen frå kl. 09.30- 10.30.
Husk å merke sekkene tydleg.
Mvh. Breim sau og geit.
Årsmelding for Breim Sau og Geit.
Arbeidsåret 2018.
Norsk Fjordhestgard torsdag 31. Januar .
Årsmøte start kl. 20.00.
Sakliste:
Det vert herved kalla inn til Årsmøte i Breim sau og geit torsdag 31. Januar 2019 kl. 20.00 på Norsk Fjordhestgard.
Dei som seier i frå seg attval må gje melding til leiar i Valnemnda Atle Løvland: ester@gloppen.net innan torsdag 24. Januar.
W
Værlamkåring på Norsk Fjordhestgard laurdag 6. Oktober kl. 09.00.
Påmelding til annelise.molland@nortura.no tlf. 57684144
Arrangøren Breim i lag med Gloppen sau og geit ynskjer alle deltakarar og publikum hjarteleg velkomne til fylket si største værlamkåring på Norsk Fjordhestgard.
Bruk dagen inne i ridehallen i lag med oss. Dette vert ein kjekk og interessant dag under tak.
Matservering på låven frå kl. 12-14.
Vel møtt til ein kjekk dag.
Mvh. Breim og Gloppen sau og geit.
Tida for å sleppe lamma ut nærmar seg. Det er mykje raudrev i Gloppen denne våren så det er viktig å følge med no når lamma skal ut på beite. Dersom nokon oppdagar rev som drep lam no i frdingstida så skal utmarksforvaltar i Gloppen kommune kontaktast. Gloppen kommune på 57883800 eller å direkte ta kontakt med utmarksforvaltar Lindis Vinje Bergland på mobil 97 99 10 49. Kommunen skal då møte fram straks og undersøke skaden. Vi er no i fredingstida så her skal vi formelt ha løyve. Regelen er då at hiet skal takast ut før eventuelt mora skal avlivast. Nytt av året er at vi ikkje søker kvart år til kommunen men får direkteløyve om skade vert påvist.
Vi minner samtidig på at når jakta startar på seinsommaren og ut over vinteren så er det viktig at kommunen fortsatt løyver midlar for å felle rev i jakttida. Det er viktig at breimningane melder frå til Stian Hjelle tel. 95027007 slik at felling vert dokumentert og at vi viser at det er behov og at desse midlane vert nytta.
Norsk Fjordhestgard onsdag 31. Januar . Fagleg foredrag (ope for alle) kl. 19.30- 20.30. Årsmøte start kl. 20.30.