Banner Banner Banner Banner

Aktivitetskalender

  Juli 2020
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
       
  • Værlamkåring laurdag 3. Oktober.

    15.09.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Fylket si største værlamkåring vert arrangert laurdag 3. Oktober på Norsk Fjordhestgard. Breim Sau og Geit arrangerar i lag med Gloppen Sau og Geit og kårar denne dagen alle værlamma i heile Gloppen Kommune.

    Vi planlegg ein triveleg familiedag på fjordhestgarden. Kåringa startar kl. 09.00 nede i ridehallen. Vi tek sikte på ulike aktivitetar for familien denne dagen med natursti, ulike konkurransar, riding, gjetarhund, maskinutstilling av småfeutstyr og middag i kafeen frå kl. 11-14.

    Påmelding av lam til

    annelise.molland@nortura.no

     

     

     

    Les mer

  • Skotpremie for rev og mink.

    13.09.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Det vert fortsatt utbetalt kommunal skotpremie for rev og mink.

    Breim Sau og Geit har jobba godt i lag med Gloppen Sau og Geit og med Gloppen Jeger og Fisk opp mot kommunen om fortsette å løyve skotpremie til felling av rev og mink..

    Les mer

  • info juni 2015

    05.07.2015 | Skrevet av Jonny Lofnes

    Medlemsinfo juni 2015

    Les mer

  • Beitesesong i Breim 2015.

    17.05.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Ny beitesesong står framfor småfebøndene i Breim.

    Viktig at alle som har bygningar i innmark og utmark ser etter desse no. Mange av desse er reelle feller for småfe som kan verte innestengde.

    Minner om at det er eigar av bygning som har ansvar for vedlikehald og sikring av bygningane.

    Det er viktig at desse potensielle fellene vert sikra slik at dyra uansett kjem seg ut att, dersom vedlikehaldet er like mangelfult som dette bildet viser.

    Viktig med tilsyn av gjerder slik at piggtråd og andre farer vert rydda opp i. Tilsyn er viktig i beitemarka slik at vi minimaliserar faren for at småfe vert skadelidande i beiteperioden.

    Breim Sau og Geit ynskjer alle ein god beiteperiode framover sommaren. Viktig med best muleg samarbeid naboar og småfebønder i mellom.

    Laurdag 30. Mai vart det observert det som ei kvinne meinar sikkert var ulv i Storefjorden i Hyen. Om dette er korrekt er det SVÆRT viktig at småfebønder følger ekstra med i beiteområdet til sauene sine.

    Det er viktig at saueeigarar i området og tilstøytande områder tek turen ut i beiteområdet for å observere eventuell unormal adferd i sitt beiteområdet. Ved funn av skadde dyr skal det gjevast melding til SNO(statens naturoppsyn) ved Rein Arne Golf 480 94 364 eller e-post rein-arne.golf@miljodir.no . SNO tek ikkje turen ut i terrenget før det vert påvist skade på husdyr. Kadaver skal dekkast til med plast straks slik at fugl og andre ikkje øydelegg eventuelle skadebevis på kadaveret. Dette er viktig for eit eventuelt fellingsløyve. Ta bilde kor ein legg noko målbart ved sporet.

    Ser gjerne at Breim Sau og Geit v/Vidar Sandal 94831201 får tilbakemelding på eventuelle funn.

     

    Les mer

  • Beiteplakatar og observasjonar i beitemarka.

    08.04.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Breim Sau og Geit ynskjer å opplyse om den nye bandtvangtida for Gloppen Kommune som no er frå 1. April -15. Oktober. Breim Sau og Geit har jobba lenge og grundig for å oppnå ei varig utvida bandtvangtid. Vi har hatt eit godt samarbeid mot dette målet i lag med Gloppen Sau og Geit.

    Ny beitesesong nærmar seg og framover må småfehaldarar/beitelaga informere turgåarar og andre som nyttar beiteområda. Det er eit viktig samspel for at turgåarar kan etterkome ynskja til småfebonden og at turgåarar kan melde tilbake til bonden om observasjonar i beitemarka.

    .

     

     

    Les mer

  • Bordsete for geita på Gloppen Hotell.

    29.03.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Breim Sau og Geit i samarbeid med Agro Business Park og Gloppen Hotell inviterte til eit festmåltid med kje og geitmjølksprodukt på menyen. Til stades var det fagfolk, geitehaldarar og ikkje minst fleire hotellkokkar.

    Breim Sau og Geit meinar det er viktig å setje fokus på å nytte den ressursen som kjekjøtet presenterar som kvalitetsråvare. Geita inn i ei ny tid med ein mildare smak på geitmjølka er viktig å presentere til ei forbrukargruppe som fortsatt har holdningar om den tidlegare smaken på geitmjølka.

    Samtidig fekk dei frammøtte høve til å kome med innspel og delta i debatten om kva utfordringar som må løysast i tida framover, for å kunne produsere råvarene til ein akseptabel pris både for geitebonde og brukarleddet. Denne utfordringa må geitenæringa og Sogn og Fjordane Sau og Geit diskutere framover. Det er viktig at det vert attraktivt for geitebøndene å "mette" marknaden. Vi må finne gode løysingar slik at samtlege geitebønder forar fram kjea til slakt.

    Les mer

  • Ullinnsamling i Breim måndag 30. Mars.

    23.03.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Det vert ullinnsamling i Breim måndag 30. Mars kl. 18.00-18.30. Denne gongen vert oppsamlinga ved Breimshallen. Vert litt betre plass for inn og utkøyring nede ved Breimshallen. Kandal skal levere ved Breimshallen.

    Ullsentralen innrømmer og beklagar problema som har vore siste 2 leveringane og lovar forbetring.

    Les mer

  • Bandtvang for hund 1. April-15. Oktober i heile Gloppen.

    23.03.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Breim Sau og Geit har i lag med Gloppen Sau og Geit jobba lenge med søknadsprosess med å få utvida tida for bandtvang i Gloppen Kommune. Etter ein 2 månadars høyringsfrist:

    Framlegget til forskrift har vore ute på høyring med 15. februar som høyringsfrist. Innan utlaup av fristen kom det inn fråsegn frå følgjande 7 parter: 1. Gloppen hundeklubb 2. Breim Sau og Geit og Gloppen Sau og Geit 3. Hyen Bondelag 4. Breim Bondelag 5. Anton Hunskår 6. Norges Jeger og Fiskerforbund Sogn og Fjordane, Gloppen jeger- og fiskerlag og Hyen jeger- og fiskerlag 7. Gloppen Bondelag.
     

    Les mer

  • Fagmøte - Sau

    17.03.2015 | Skrevet av Jonny Lofnes

    25.Mars kl 19.30 i Borgja på Ålhus i Jølster. Vi inviterer sauebønder i Jølster, Gloppen, Førde, Naustdal, Gaular og Sogndal.

    Les mer

  • Gjetarhundkurs i Breim.

    07.03.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Breim Sau og Geit gjennomfører gjetarhundkurs på Norsk Fjordhestgard på Breim. Kursdeltakarane er frå både ytre og indre delar av Nordfjord. Kursinstruktør er Egil Syversbråten frå Stryn. Då Breim Sau og Geit sin utskremde fotograf møtte opp var det fint drev over instruksjonen. Triveleg å kunne vere inne i ridehallen ei helg kor det regna vanrett.  Arrangøren Breim Sau og Geit sin gjetarhundansvarleg Janne Håheim, viser til at med slik god interesse er det muleg å arrangere eit oppfølgingskurs både for dei som har delteke tidlegare og for nybyrjarar. Det er viktig å få til fleire gode brukshundar for sauebøndene i Gloppen og kommunane kring.

    Klikk på "neste side" og sjå bilder frå kurset.

     

     

    Les mer

 
Breim Sau og Geit
Org. nr.:
Leiar: Vidar Sandal
Postadresse 6826 Byrkjelo
Kontakt Tlf.: (+47)94831201