Banner Banner Banner Banner

Aktivitetskalender

  Juli 2020
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
       
  • Ullsentralen samarbeider med Breim Sau og Geit.

    07.03.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

     

    Breim Sau og Geit ynskjer at innsamling av ull i Breim skal gå smidigare enn det har gjort siste åra. Vi kontakta ullsentralen etter innsamlinga i 2014. Vi opplevde at dei feilberekna mengda ull i Breim. Då redda Odd Magne Støyva situasjonen med at han køyrde eit lass med lastebilen sin til Førde. Vi ringde Nortura i Førde og fekk lovnad om at innsamlinga den 2. Mars skulle gå smidigare. Vi fekk beskjed om at ulla i Kandal skulle leverast på Byrkjelo grunna at Sandane og Hyen fyller vogntoget sjølve, noko som dei og gjorde i år. Ulla for Kandal skal og framover leverast på Breim.  Vi takkar alle leverandørane i Breim for tolmod, grunna årets utfordring med 30 minutt forseinka bil og nok ein gong for lite plass. Vogntoget kom frå Møre og fekk ikkje tak i kontaktpersonen i Breim. Takkar og Byrkjelo Maskin for lån av lagringsplass av dei 250 sekkane som bilen frå Førde kom og henta morgonen etterpå.

    Vi kjem til å gje ullsentralen klar beskjed at vi er nøydde å stole på lovnaden om betre rutinar frå deira side. Styret i Breim Sau og Geit kjem til å vurdere om vi skal flytte oppsamlinga til plassen ved Breimshallen for å få litt betre plass til inn og utkøyring.

    Les mer

  • Ullinnsamling i Breim måndag 2. Mars.

    19.02.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Det vert ullinnsamling i Breim måndag 2. Mars kl.20.00-21.00.

    Oppmøte vert ved stadionbygget på Byrkjelo. Oppmodar om god merking av sekkane.

    Mvh. Breim Sau og Geit.

    Les mer

  • Ullinsamling i Breim.

    12.02.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Det vert ullinnsamling i Breim i veke 9. Dag for levering vert opplyst når vi veit den.

    Vi har fått beskjed om at leverandørane i Kandal SKAL levere på Byrkjelo ved stadionbygget. I fjor vart det store problemer med at hyarane ikkje fekk levere sine sekkar grunna plassmangel på Sandane. Vi oppmodar sauebøndene i Kandal om å tilpasse seg levering på Byrkjelo i veke 9. Dato vert annonsert når vi får beskjed frå ullsentralen i Førde.

    Les mer

  • Kurs med Egil Syversbråten

    06.02.2015 | Skrevet av Janne Håheim

    7-8 mars vert det kurs med Egil Syversbråten på Fjordhestgarden i Breim. Det er plass til 8 stykke på kurset.

     

    Les mer

  • Årsmøte i Breim Sau og Geit.

    20.01.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Det vert kalla inn til årsmøte i Breim Sau og Geit torsdag 29. Januar kl. 20.00 på Norsk Fjordhestgard.

    Velkomen til sosial og triveleg kveld.

    Årsmeldinga

    Les mer

  • Møte om gjerdeplikt og beiterett.

    08.01.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Tysdag 28. Oktober held Breim Sau og Geit møte om gjerdeplikt og beiterett på fjordhestgarden.

    Møtet vart arrangert i lag med Breim Bondelag og Gloppen Kommune. Kring 30 personar møtte fram.

     

    Les mer

  • Værlamkåring 2014.

    07.01.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Fylket si største værlamkåring vart arrangert på Norsk Fjordhestgard på Breim, laurdag 4.oktober.

    Les mer

  • FAGSAMLING SAU

    10.12.2014 | Skrevet av Jonny Lofnes

    tradisjon tru blir det også i år fagsamling sau på Skei 9 - 10 januar 2015, påmelding - Innan 20. Desember: Nortura Førde Medlemssenteret v/ Johannes Nedrebø Johannes.nedrebo@nortura.no, mobiltlf. 905 71 243

    Les mer

  • Smalahovefest i Breidarheim.

    31.10.2014 | Skrevet av Vidar Sandal

    Byrkjelo ungdomslag/husestyret i Breidarheim gjenntek suksessen frå i fjor med smalahovefest i Breidarheim laurdag 29.nov.

    Les mer

  • Julebord for bøndene i Gloppen Og Eid.

    31.10.2014 | Skrevet av Vidar Sandal

    Produsentlaga i TINE (Gloppen og Eid), Bondelaga i Gloppen og Eid, Sau og Geit i Gloppen og Eid og Nortura (Gloppen og Eid) har gått saman om eit felles JULEBORD på Gloppen Hotell fredag 5. desember. Vi inviterer alle bønder i Gloppen og Eid, med følgje.

    Les mer

 
Breim Sau og Geit
Org. nr.:
Leiar: Vidar Sandal
Postadresse 6826 Byrkjelo
Kontakt Tlf.: (+47)94831201