Sankinga er godt i gang. Sauene går periodevis i utfordrande fjellparti. Småfenæringa opplever langs med at sauen går seg ned i særs utfordrande terreng og til tider går seg skikkeleg fast.
Mykje greier næringa sjølv å få lause på ein bra forsvarleg måte utan å risikere liv og helse.
Tidlegare har det vore spurt om fagfolk i fjellklatring for å få hjelp med deimest utfordrande situasjonane kring i fylket vårt. Underteikna har også i år vore kontakta om ein veit om nokon som kan ta på seg desse mest utfordrande klatre og sikringsjobbane.
For få dagar sidan tok fjellklatrar Sigurd Felde ein jobb iGloppen. Felde bur i Sogn men tek oppdrag kring i fylket vårt. Han er erfaren og har klatra dei mest utforande fjellparti som kan klatrast.
Sigurd Felde har stilt seg til disposisjon for oppdrag om det skulle vere behov.
Det er viktig å ha nokon å kunne spørje for småfebonden når ein kjem i ei knipe med skårfaste dyr. Næringa ynskjer å unngå uheldige episodar og det å kunne løyse dyra i ein tidleg fase samtidig som ein unngår å risikere liv og helse for gardbrukaren.
Sigurd kan kontaktast på følgande måte:
Sigurd Felde
Mob: 99695248
Sigurdfelde@hotmail.com.