Saueeigaren sjølv kan melde inn dyra sine på www.saueavl.nsg.no/gard/. Denne er open for registrering 14 dagar før sjået, og stenger 2 dagar før.
Einar Helge Haugstad: 6770 Nordfjordeid ehehaugs@online.no Tlf : 48038573
Eigar av verelammet som blir stillt til kåring skal vere medlem av Nsg. Alle data om verelammet må vere registrert i sauekontrollen. Det gjeld rase, øyrenr., fødselsdato, kjønn, far(kåringsnr og rase), mor(øyrene og rase) haustvekt, vegedato og burd.
Krav til O-indeks: NKS 115, sjeviot 110, spel110. NKS kan ikkje kårast på dispensasjon. Dei andre rasane kan kårast på dispensasjon etter krava i dei generelle kåringsreglane som gjeld for rasen.
Værlammet skal vere etter ein kåra far som er o-kåra, ikkje kjøtkåra eller Nor-X-kåra.
Sjå paragraf 5 i reglane.
Det er vedteke at det er obligatorisk med margprøve av ulla for alle kvite dyr. På kåringsjåa i Sogn og Fjordane vil det bli brukt lupe. Kvar dommar har sitt eige ulldømmingssett som skal brukast på på sjåa, og dommarane har fått opplæring i å bruke dei.
Det er NSG som er ansvarleg for kjøttkåringa og det skal brukast same kåringsmerke som ved vanleg o-kåring.Lam som skal kjøttkårast skal klippast, seinast 7 dagar før kåringsdagen.Det skal stå att litt ull på krysset,ca 10x10 cm, så dommarane kan føreta ei analyse av ulla.