Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Januar 2021
Ma Ti On To Fr
    123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
       

Vellukka årsmøte i Gloppen Sau og Geit.

01.02.2018 | Skrevet av Svein Helge Hovstad

Det var 28 frammøtte på Mardal skule tysdag 30.01. Veterinær Anne Berit Selle hadde faginnslag.

Det nye styret er samansett slik:

Leiar:               Morten Rygg, attval

Med i styret:   Erik Ommedal, attval; Per Kristian Eide, ny; Margret Sande, ikkje på val. 

Varafolk: 1.Øystein Fjellestad  2. Rolv Roger Mykland 3. Christen Henning Arnestad  .

Svein Helge Hovstad hadde sagt frå seg attval etter 12 år i styret

Etter årsmøtesakene var det matøkt med livleg søg. Så fekk Anne Berit Selle ordet. Ho kom innom tema som lammetap om hausten, bruk av snyltarmedisin og vaksine, og mangelsjukdommar og tiltak mot dei. Særleg la ho vekt på korleis uheldige behandlingsrutinar kunne føre til auka resistens hos snyltarpopulasjonen.

Klokka var godt over 22 når Morten takka for frammøtet. Praten gjekk vidare mellom ein del av deltakarane før vi alle tok kvelden.
 

 

 

 
Gloppen Sau og Geit
Org. nr.: 986 620 257
Besøksadresse
Sandane
Postadresse
6823
Kontakt Tlf.: (+47) 97663197