Siri Heggelund, senior marknadskonsulent med ansvar for geitmjølkprodukt, fekk tilbakemelding om at ein ikkje er heilt nøgd med innsatsen frå TINE på dette feltet.                                                        

1,5 mill liter, dvs 7-8 % av geitmjølka, hadde TINE ikkje god bruk av i 2011 – samstundes er det underskot av kumjølk. Det blir då for oss geitemjølkprodusentar eit paradoks at brunosten Millom, utan geitmjølk, og ein direkte konkurrent, er einaste nye produkt i dette segmentet i 2011.

Til liks med Siri Heggelund fekk også nestleiar i konsernstyret i TINE SA, Ingunn Sognnes, både idear på produktsida og klare forventningar med seg.

Mona Mjånes Reitan og Lars Egil Foldal frå meieriet Ørsta orienterte om sin jobb og sine utfordringar. Bøndene har gjort ein svært god jobb med gen-endring av geitene og produkta vert stadig betre. Den faste, kvite snøfrisk-osten er kalla TINE si best bevarte hemmelegheit -   det stoppar opp når ein kjem til sal og marknadsføring.

Helga Kvamsås tok føre seg geitmjølk-kvaliteten og jobben ein må gjere for å holde den stabilt god framover. Aldri har geitmjølka vore betre – aldri har produkta vore betre .

Stor takk til deltakarane og ikkje minst til Ragnvald Søgnesand for god tilrettelegging.