referat - Geitehelg i Jølster 2016.
Geitehelga i Jølster er vorten ein tradisjon. Denne gongen vart Geitehelga arrangert 19. og 20. november på Thon Hotel Jølster. Denne samlinga er like verdifull sosialt som fagleg. God stemning og engasjert forsamling.
Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag, opna fagsamlinga med fokus på blant anna utfordringane komande år.
Vidare i programmet var me innom:
- Grasproduksjon med slåttetidspunkt, handtering og ensilering med Sverre Heggeset frå NLR.
- Levering og salg av kjekjøtt med Johannes Nedrebø og David Mats Edenværn frå Nortura.
- Jurhelse med Bente Axelsson i Tine Rådgiving.
- Norsk for til norske geiter, der Helga Kvamsås frå Tine Rådgiving tok føre seg blant anna prosjektet med redusert kraftfor i beitesesongen.
- Nofence med Oscar H. Berntsen. Erfaringane med lydgjerde til no.
- Kystgeita – Historie, helse og driftsform, med Helge Borgund og Kjetil Friberg.
- Strategiplan geit med nytilsett Sophie Gauguin, forretningsutviklingssjef geit i Tine. Sådde nytt håp i forsamlinga med eit inspirerande føredrag med nye tankar og idear. Geitebøndene set pris på at Tine har tilsett Sophie som har fokus kun på geit. Me ser fram til ein stadig auke i etterspurnad av norsk geitemjølk.
Alle innlegga ligg på heimesida til Sogn og Fjordane Sau og Geit.
Geitegruppa i S og Fj Sau og Geit. V/Sigurd Vikesland
Optimal grashøsting m fortørk-jølster 16
Geitehelg Norsk fôr til norske geiter