FORSLAG TIL NYE REGLAR FOR UTTAK TIL NM I BRUK AV GJETARHUND
FORSLAG TIL NYE REGLAR FOR UTTAK TIL NM I BRUK AV GJETARHUND.
Stryn Sau og Geit Stryn, 08.01.13.
v/Margrethe Garlid
6783 Stryn
FORSLAG TIL NYE REGLAR FOR UTTAK TIL NM I BRUK AV GJETARHUND.
Gjetarhundnemnda i Stryn Sau og Geit har i møte 08.01.13 diskutert og kome fram til forslag til nye reglar for uttak til NM i bruk av gjetarhund.
Dei to beste distriktsprøvene, dei to beste landsprøvene samt Fylkesmeisterskapen skal telje i uttaket til NM for deltakarar frå Sogn og Fjordane.
Fylkesmeisterskapet vil vere avgjerande ved lik poengsum.
Poengsummen som blir oppnådd på den enkelte prøven, skal telje etter same poengfordeling som i norgesserien:
1. plass 50 poeng 9. plass 28 poeng
2. plass 46 poeng 10.plass 26 poeng
3. plass 43 poeng 11.plass 24 poeng
4. plass 40 poeng 12 plass 22 poeng
5. plass 37 poeng 13 plass 20 poeng
6. plass 34 poeng 14 plass 18 poeng
7. plass 32 poeng 15 plass 16 poeng
8. plass 30 poeng 16 plass 15 poeng osv….
Hund og førar som deltek på landslaget, er automatisk kvalifisert.
Stryn Sau og Geit
gjetarhundnemnda
Margrethe Garlid