Janne og Tilli gjekk til 70 poeng i klasse 1 og dette gav dei ein andre plass. Det var 7 startande og 3 godkjente i klassa. Dommar var Cato Smørgrav. Janne kjøpte Tilli når ho var 5 og ho var då ikkje trent på sau, så Janne har gjort ein flott jobb og fått til ein god hund. Hunden var også sjuk i sommar så dette er ein flott prestasjon.

Tilli er registrert under navnet Somollis Sea-Star-Sally

 

Nordfjord Gjetarhundlag gratulerar med godkjent bruksprov og lykke til vidare !