Årsmelding 2017
Styret har vore sammensatt slik: Vara til styret:
Leiar Knut Alsaker 1 år Magnus Grimeland 1 år
Nestleiar Halvor Tenden 1 år Kjetil Berge 1 år
Skrivar Ida Elisabeth Lien 2 år Revisorar:
Kasserar Ailen Skogeng 2 år Janne Os 1 år
Styremedlem Nils Sandnes 1 år Linda Alsaker 1 år
Valnemnda har vore Roy Cato Hopland 1 år, Ronald Haaland 2 år, Sølvi Hunvik 3 år.
Vi har hatt 4 styremøter og 1 medlemsmøte. Dette året har vi hatt ein nedgong i medlemstalet til 25,
men same gode aktiviteten som tidlegare år! Fellestreningane hos Halvor og Ailen på
onsdagskveldane og hos Knut og Roar på søndagane har fungert tilfredstillande.
Ellers så har medlemmane våre enten trena kvar for seg eller samla seg enkelte dagar for ei
fellestrening lokalt.
Knut Alsaker har fungert som materialforvaltar.
Aktiviteten i laget: Vi hadde eitt medlemsmøte 14.august på Haugen der vi planla
nybegynnersamlingar 4 onsdagskveldar etter rad der ca 8 personar deltok kvar gong. Desse gjekk
føre seg i Olden, i Stryn og på Eid. Kjempesuksess tykte dei som var med desse kveldane!
Fyrste kveld var den 23.aug.
Sarah-Helen Fuglestrand inviterte til trening Kandalen i september, eitt initiativ vi i styret set veldig
stor pris på! Leitt at mange måtte prioritere sanking denne helga.
30.september arrangerte vi distriktsprøve i klasse 1,2 og 3.
Fylkesmesterskap arrangerte vi i Stryn 1.oktober. Tilbakemeldingane frå deltakarane var særs
positive.
Resultatet av FM førte til at Magnus Grimeland med Sanki og Halvor Tenden med Trixi skulle delta for
Sogn og Fjordane i NM.
Vi gratulerer Magnus Grimeland med Sanki som kvalifiserte seg og gjekk for Norge i VM i Nederland.
Halvor Tenden med Trixi kvalifiserte seg til nordisk nursery men deltok ikkje her. Dei fekk derimot ein
flott 8.plass i norsk nursery. Elles så har vi hatt fleire hundar som har gått Norgesseieprøver og gjort
det godt her!
Dette gjeld Magnus med Sanki, Bess og Lyn, Halvor med Trixi og Adam, Ailen med Fleece og Pivi og
Roar med Spot.
Nye hundar med godkjent gjetarhundprøve er Halvor med Akersborg Sif og Ailen med Bell:
Vi gratulerer ! Kort oppsummert så har hundane i laget vårt gjort det kjempebra i 2017.
Kurs:18.-19. februar arrangerte vi kurs med Egil Syversbråten som instruktør i Olden hos fam Alsaker.
27.-28.mai hos Janne Os med samme instruktør. Her deltok 8 deltakarar som fekk godt utbytte av
kurset.
Så har vi arrangert nybegynnerkurs på Tenden med 9 deltakarar den 11.og 25.juni som enda med eitt
ynskje om å lage fleire slike kurs.
Augelysing viste seg å vere så populært i fjor at vi gjennomførte det 4.november i 2017.
Styret ser på dette som eitt veldig viktig tiltak for avlen og vi kjem til å immøtegå medlemmane sine
ynskje om slike tiltak i året som kjem også.
Medlemmer i laget vårt har vore på leigesanking med godt hell.
Laget vårt har starta 2018 med fellestreningar på Tenden på tysdagskveldane og på hestesenteret
på Eid på søndagane. Vi håpar på interesse for desse tilboda. Elles så har vi sendt ut invitasjon til
kurs med Jonas Gustavsson 25.-28.januar som ser ut til å få nok deltakarar til at det blir gjennomført.
For styret Ida Elisabeth Lien