Årsmelding 2018 for Nordfjord Gjetarhundlag

Styret har vore samansett slik: Leiar Knut Alsaker,nestleiar Halvor Tenden,Kasserar Ailen Skogeng,sekretær Ida Elisabeth Lien og styremedlem Nils Sandnes.

I år har vi hatt 28  medlemmer. Laget har hatt to styremøte, eitt medlemsmøte og eitt møte for dei som var ansvarlege for landsprøva. Men sjølv om vi har hatt få styremøter så har aktiviteten vore stor. Laget har arrangert fellestreningar på Tenden,på Haugen og i Olden. Laget har og leigd ridehallen på Eid til trening på vinter og vårsemesteret. Desse har vore veldig godt mottekne og mange har komme ilag og trena. Praten har gått laust og fast ikring sau og hund og vi har prøvd å gjere kvarandre betre.

Vi hadde i sommar og ei rekkje med nybegynnersamlingar som samla nye hundeførarar som fekk hjelp til å starte hundane sine, eller å komme seg eitt steg vidare i opplæringa av hunden. Veldig populært tilbod som vi gjerne kan fortsetje med.

Jonas Gustavson var instruktør på kurs som var halde på Tenden i Stryn, p.g.a været, vart deler av kurset halde i ridehallen på Eid. Kurset var fulltegna, og alle var vel tilfreds etter ei lærerik helg.

Det sommartreffet som vi ynskte å få til på Stad,vart dessverre ikkje noko av, så det får vi prøve å vidareføre til 2019.

Laget arrangerte  landsprøve på Fannemel den 21.-22. oktober. Dette  gjekk heilt etter planane våre og alle var veldig fornøgde med arrangementet.

9.desember arrangerte  laget ei prøve  klasse 1 og 2. 20 ekvipasjar deltok.

Av nye hundar i år med bruksprov i laget vårt kan vi nemne:

Halvor Tenden med Stripz

Jan Kåre Ravnøy med Igor

Roar Alsaker med Jippi

Roar Alsaker med Severin Suveren

Ida Elisabeth Lien med Sid

Gunn Sande med Fauna

I tillegg så vart Halvor nr to på fylkesmesterskapet med Trixie og nr tre med Adam!

Trixie stillte og i landsprøvefinale og gjorde det godt der!

Takk for eitt godt gjetarhundår i 2018

For styret Ida Elisabeth Lien