Det var 11 deltakara på kurset ,av desse var 10 medlemmar i laget. Noken ferske og noken vidarekomne, så det var ei godt blanda gruppe.  Aled har sjølv 700 vinterfora sauer og lang erfaring med bruk av hund på garden. Han hadde mange tips til løysingar som gjore det enklare og jobbe med sauene heime på garden.

 

Alle fekk 2 økter kver med hundane sine fredag og laurdag, søndag vart ei teori økt om deling og dei som ville fekk prøve dette.Her var det mange gode tips og ta med seg til vidare trening med hunden.

Vi fekk også sjå han i aksjon med hundar og det va litt av eit syn å sjå korleis han takla dei.

Aled var tolmodig og forklarte godt!  Egil Syversbråten var med som oversettar og hjelpemann. Utruleg flott og ha noken som tok seg av sauer og andre ting¨, så dette blir gjort på andre kurs også.

 

 

 

Vi takkar alle dokke som deltok på kurset og håpar alle er fornøgde med helga. 

Å sjølvsagt ei stor takk til Aled som ville kome til oss. Ei stor glede og ha ein sann kar her og holde kurs.