Møtet blei halde på fjordhestgarden på Breim. 12 medlemmer møtte.

Sak 1: Val av møteleiar blei Janne Håheim

           Skrivar blei Ida Elisabeth Lien

Sak 2: Ingen hadde merknad til innkallinga og saklista,godkjende.

Sak 3: To til å skrive under møteprotokollen blei Nils Sandnes og Tina Henningsen

Sak 4:Årsmeldinga blei opplesen. Magnus Grimeland er på VM-laget og det burde stått i meldinga.Den blei godkjent.

Sak 5:Reikneskapen blei opplesen.Revisorane hadde ei særs positiv melding til reikneskapen. Den blei godkjent utan merknad.

Sak 6:Fastsetjing av kontingent som er kr 300,- for hovedmedlem og kr 150,- for junior og støttemedlemskap blei vidareførte for 2017.

Sak 7: Ailen la fram forslaga frå valnemnda.

Knut Alsaker,leiar 1 år

Halvor Tenden,nestleiar 1 år

Ailen Skogeng 2 år

Ida Elisabeth Lien 2 år

Nils Sandnes 1 år

Magnus Grimeland 1.vara , Kjetil Berge 2.vara  Desse er valde for 1 år.

Revisorane Janne Os og Linda Alsaker tok attval.

Valnemnd:1:Roy Cato Hopland 2.Ronald Haaland 3.Sølvi Hunvik

Sak 8:Innkomne saker. Ailen Skogeng kom med eitt forslag om at laget betalar saueeigar ein sum pr sau som er brukte til prøver,fellestreningar og kurs i regi av laget. Dette blei det røysta over og resultatet blei 6 for, 4 mot og 2 blanke.

Vedtak. Det skal betalast kompensasjon pr sau pr dag til arrangement i regi av laget. Summen er satt til kr 25,- pr sau pr dag.

Sak 8: Arbeidsplan 2017 blei tatt til etteretning men styret bør ta hensyn til at Oldenprøva og Fylkesmesterskapet ligg veldig tett i tid og vi må unngå at ansvaret blir lagt på for få personar.Budsjett for 2017 fekk ingen merknadar. Styret skal velje ny materialforvaltar snarast. 

Møtet slutt 21.25