Årsmøte i Nordfjord Gjetarhundlag 23.januar 2018

Møtet blei halde i klubbhuset på Klinkarberget på Haugen klokka 20.00

8 medlemmer møtte

 

Sak 1: Knut Alsaker blei vald  til møteleiar. Ida Elisabeth Lien vart vald til skrivar.

Sak 2: Innkallinga og saklista blei godkjende.

Sak 3: Thomas Bjørhovde og Roy Cato Hopland blei valde til å skrive under møteprotokollen.

Sak 4: Årsmeldinga blei opplesen og godkjent.

Sak 5:Reikneskapen blei opplesen ilag med revisorane si melding. Merknad frå revisorane sa at ei reikning var betalt to gongar. Derfor blei reikneskapen godkjent med forbehald om at manglande bilag skal skaffast til rette. Ein merknad til reikneskapen var at vi må bli flinkare til å søkje SFSG om støtte til våre aktivitetar.

Sak 6:Kontigenten for medlem på kr 300,- og støtte-og barn under 16 på kr 150,- blei ståande.

Sak 7:Godtgjørelser er kr 500,- til leiar, 25,-kr pr sau pr dag på kurs og prøver. Direkte skader på sau skal dekkjast av laget. Forslag frå møtet er at det og skal gjevast godtgjerdsle til kasserar. Forslag frå årsmøtet er at leiar og kasserar skal ha ein sum av kr 1000,- i godtgjerdsle. Dette blei einstemmig vedtatt for 2018.

Sak 8: Val  Valnemnda sitt forslag er Knut Alsaker som leiar, Gjenval på Halvor Tenden og Nils Sandnes i styret, revisorar for 2 år Roy Cato Hopland og ole Morten Erviksæter,styret hadde forslag på nytt medlem i valnemnda på Gunn Sande.

Styret blir derfor slik:

Leiar Knur Alsaker 1år

Nestleiar Halvor Tenden 2 år

Styremedlemmer Ida Elisabeth Lien 1 år, Ailen Skogeng 1 år og Nils Sandnes 2 år.

Vara til styret er Kjetil Berge 1 vara, Øystein Fjellestad 2 vara og Thoma Bjørhovde 3 vara.

Revisorar blir Roy Cato Hopland 2 år og Ole Morten Erviksæter 2 år.

Valnemnd blir Ronald Håland 1 år, Sølvi Hunvik 2 år og Gunn Sande 3 år.

Sak 9:a) Laget har fått tilbod om å kjøpe ein hestehengar frå Roar Alsaker til kr 10000,-. Intensjonen  med denne er å lagre og frakte utstyr i til prøver og diverse arrangement. Hengaren er i god stand. Dette blei einstemmig vedtatt av årsmøtet.

b)Retningsliner for laget: Vi ynskjer å få til ei forenkla revidering av retningslinene som blir endra på for kvart årsmøte.Type kontingent,godtgjerdsler,eigendelar og utstyrsliste. Revidering av desse skal inn som sak på saklista til kvart årsmøte.

Sak 10: Arbedsplan. Styret sitt framlegg blei framlagt og der kom inn eitt tilleggspunkt om ei sommargrilling med trening på Stad.Årsmøtet  synest at dette blei eitt godt verktøy for året 2018.

Budsjettet blei justert litt i forhold til at vi tidlegare i møtet gjorde vedtak om å auke godtgjerdsler. Budsjettet blei godkjent.

Møtet slutt 22.30

For styret skrivar Ida Elisabeth Lien