Årsmøte i Nordfjord Gjetarhundlag 31.01.2019

Møtet blei halde i Bygdehuset Haugtun på Vereide og 11 medlemmer møtte.

Sak1: Halvor ynskte alle velkomne på vegne av styret. Halvor Tenden vart vald til møteleiar og Ida Elisabeth Lien vart vald til skrivar.

Sak 2: Innkalling og saksliste vart godkjende.

Sak 3: To til å skrive under møteprotokollen blei Sarah-Helen Fuglestrand og Øystein Fjellestad.

Sak 4: Årsmeldinga blei opplesen og det blei opplyst av årsmøtet at der mangla å vere nemnt eitt kurs med Jonas Gustavsson som blei helde i slutten av januar på Tenden. Var og noko usikkert skrive at vi har hatt fleire treningar i ridehallen på Eid på vinter- og vårparten. Årsmeldinga blei godkjent med desse tillegga.

Etter diskusjon på årsmøtet blei det vedtatt at arbeidsåret i Nordfjord Gjetarhundlag skal fylgje kalenderåret og ikkje fra årsmøte til årsmøte som har vore tidlegare praksis.

Sak 5: Rekneskapen blei opplesen av kasserar. Årsmøtet slutta seg til at vi skal verte betre på å søkje tilskot og midlar til innkjøp av materiell som kan fremje aktiviteten i laget. Rekneskapen blei godkjent.

Sak 6: Val. Valnemnda sine forslag blei godt mottatt av årsmøtet. Alle dei føreslegne er spurde og har sagt ja til vervet. Årsmøtet blei gjort kjent med at der er nære relasjonar mellom foreslegne medlemmar til dette styret. Årsmøtet hadde ingen innvendingar til dette. Det nye styret blir derfor slik:

Leiar Halvor Tenden 1 år.

Styremedlemmer Ailen Skogeng 2 år, Ida Elisabeth Lien 2 år, Nils Sandnes 1 år og Jan Kåre Ravnøy 1 år.

Vara til styret: Øystein Fjellestad 1 vara, Thomas Bjørhovde 2.vara og Ronald Haaland 3 vara.

Revisorane Roy Cato Hopland og Ole Morten Erviksæter har begge eitt år igjen og sit eitt år til.

Årsmøtet sitt forslag til valnemnd er Finn Hauge 3 år, Gunn Sande 2 år og Sølvi Hunvik 1 år.

Sak 9: Revidering av retningslinjene for laget. Mindre endringar blei gjort i ordlyden for retningslinjene til laget jamført med endringar i eigendelane som laget eig, samt godtgjersle som er bestemt tidlegare i årsmøtet.

Sak 10: Arbeidsplan 2019

                         Kurs med Torkjell Solbakken 9.-10.februar, kurs i vår med lokal instruktør.

                         Faste treningsdagar i Stryn, Olden, Gloppen og Eid, fellestreningar.

                         Fellestrening med trening og grilling på Stadt, lokal prøve i alle klassar

Sak 11: Budsjett. Styret sitt forslag til budsjett fekk ei lita justering sett i forhold til årsmøtet sitt tidlegare justering av godgjerdsle.

 

Ida Elisabeth Lien , Ref

                                             Sarah-Helen Fuglestrand, sign.                                               Øystein Fjellestad, sign