Beitesesong i Breim 2015.
Ny beitesesong står framfor småfebøndene i Breim.
Viktig at alle som har bygningar i innmark og utmark ser etter desse no. Mange av desse er reelle feller for småfe som kan verte innestengde.
Minner om at det er eigar av bygning som har ansvar for vedlikehald og sikring av bygningane.
Det er viktig at desse potensielle fellene vert sikra slik at dyra uansett kjem seg ut att, dersom vedlikehaldet er like mangelfult som dette bildet viser.
Viktig med tilsyn av gjerder slik at piggtråd og andre farer vert rydda opp i. Tilsyn er viktig i beitemarka slik at vi minimaliserar faren for at småfe vert skadelidande i beiteperioden.
Breim Sau og Geit ynskjer alle ein god beiteperiode framover sommaren. Viktig med best muleg samarbeid naboar og småfebønder i mellom.
Laurdag 30. Mai vart det observert det som ei kvinne meinar sikkert var ulv i Storefjorden i Hyen. Om dette er korrekt er det SVÆRT viktig at småfebønder følger ekstra med i beiteområdet til sauene sine.
Det er viktig at saueeigarar i området og tilstøytande områder tek turen ut i beiteområdet for å observere eventuell unormal adferd i sitt beiteområdet. Ved funn av skadde dyr skal det gjevast melding til SNO(statens naturoppsyn) ved Rein Arne Golf 480 94 364 eller e-post . SNO tek ikkje turen ut i terrenget før det vert påvist skade på husdyr. Kadaver skal dekkast til med plast straks slik at fugl og andre ikkje øydelegg eventuelle skadebevis på kadaveret. Dette er viktig for eit eventuelt fellingsløyve. Ta bilde kor ein legg noko målbart ved sporet.
Ser gjerne at Breim Sau og Geit v/Vidar Sandal 94831201 får tilbakemelding på eventuelle funn.