Største kåringa i fylket.
Fylket si største værlamkåring vart arrangert laurdag 3. Oktober på Norsk Fjordhestgard. Breim Sau og Geit arrangerte i lag med Gloppen Sau og Geit og kåra denne dagen 125 værlam. 4 av desse var på dispensasjon.
Det var ein triveleg dag kor sauenæringa frå heile Gloppen Kommune var samla. Det var mykje publikum og god stemning inne i ridehallen.
Kåringa starta kl. 09.00 nede i ridehallen og heile 148 lam var påmelde.
Vi hadde ulike aktivitetar for familien denne dagen med natursti, ulike konkurransar, riding, gjetarhund, og middag i kafeen frå kl. 11-14.
Småfenæringa treng slike faglege og sosiale møteplassar for utvikling og trivsel i næringa.
Spælklassa var Kristian Mardal best med 159 poeng og Svein helge Hovstad med same poengsum på 2. Bø Fellesfjøs tok 3.plassen med 158 poeng.
NKS klassa vart vunnen av Rolv Roger Mykland med 178 poeng, Kristian Mardal på andre med 176 og Rune Gimmestad på 3. med 173 poeng. Beste breimning på 15.plass med 165 poeng.
Beste Pels fekk Mardal Samdrift med Anders A Flølo på 2. og 3. plass.
Sjeviot vann Anders A Flølo med 157 poeng.
Rase Ikke vurdert -Kåra -Kåra disp -Vraka -Sum
NKS 7 98 0 5 110
Spæl (kvit) 3 15 0 3 21
Sjeviot 0 1 0 2 3
Pelssau 0 0 3 0 3
Farga spæl 1 1 0 0 2
Blæset 0 6 0 2 8
NorX 0 0 1 0 1
Totalt 11 121 4 12 148