Geitmjølk mot allergi?
Mange har ulike allergiar og toler dårleg ein del typar mjølkeprodukt. Nokre erfarer at om dei ikkje toler kumjølk av ulike årsaker, så er geitmjølk eit godt alternativ for mange av desse.
Geitmjølka har siste åra fått ein mykje mildare og rundare smak som fell betre i smak for forbrukar. Geitmjølk vert tappa på mindre kartongar og er muleg å skaffe i butikk.
Ei større gruppe har ulike mage og tarmutfordringar og nokre gjer seg erfaringar om ulike typar mindre bearbeidde landbruksprodukt som dei toler betre enn andre. Breim Sau og Geit ynskjer å invitere alle interesserte til ein fagdel under årsmøtet vårt komande torsdag på Norsk Fjordhestgard.
Fagdelen startar 1 time etter årmøtestart og vert open for alle med interesse for ulike matprodukt ein gjerne toler betre om ein har utfordring med t.d. mjølkeallergi.
Vi har fått Crister Hamre til å fortelje oss litt om kva han meiner er årsaka til at enkelte er følsomme for ein del typar matprodukt. Han driv eige selskap med omsetjing av økologiske og mindre bearbeidde matvarer og har sterke meiningar om kva som skal til for at dei som er sensitive skal få ein betre kvardag med inntak av matvarer.
Eit av spørsmåla er om vi vil få svar på om geitmjølk er betre å fordøye for enkelte enn kumjølk.
Møt opp på Norsk Fjordhestgard på torsdag 28. Januar kl. 21.00 og få ny kunnskap og sterke meiningar om folkehelse og mat.
.
Vel møtt.
Breim Sau og Geit.