Bordsete for geita på Gloppen Hotell.
Breim Sau og Geit i samarbeid med Agro Business Park og Gloppen Hotell inviterte til eit festmåltid med kje og geitmjølksprodukt på menyen. Til stades var det fagfolk, geitehaldarar og ikkje minst fleire hotellkokkar.
Breim Sau og Geit meinar det er viktig å setje fokus på å nytte den ressursen som kjekjøtet presenterar som kvalitetsråvare. Geita inn i ei ny tid med ein mildare smak på geitmjølka er viktig å presentere til ei forbrukargruppe som fortsatt har holdningar om den tidlegare smaken på geitmjølka.
Samtidig fekk dei frammøtte høve til å kome med innspel og delta i debatten om kva utfordringar som må løysast i tida framover, for å kunne produsere råvarene til ein akseptabel pris både for geitebonde og brukarleddet. Denne utfordringa må geitenæringa og Sogn og Fjordane Sau og Geit diskutere framover. Det er viktig at det vert attraktivt for geitebøndene å "mette" marknaden. Vi må finne gode løysingar slik at samtlege geitebønder forar fram kjea til slakt.