Breim og Gloppen Sau og Geit arrangerar laurdag fylket si største kåring av værlam. Storhendinga går føre seg på Fjordhestgarden på Breim. Her vert samla sauer frå heile Gloppen. For 2 år sidan stilte 132 lam og vi håpar på tilsvarande i år. Vi gjentek suksessen og siktar mot ein triveleg familiedag inne i ridehallen på Norsk Fjordhestgard.
Det vert aktivitetar for både store og små. Natursti for ungane og tippekonkurranse på vekta av storværen frå Bø. Fin premiering og muleg for ungane å ri på hest. Det vert kaffiservering og noko å bite i nede i hallen.
Nytt dagen på fjordhestgarden og muleg å få seg betasupa eller pølse på låven frå kl.12-14. Vel møtt til ein triveleg dag på Breim.
Slik som dei par siste åra vert det felles kåringssjå for Gloppen på Fjordhestgarden. Meld på lam og møt opp med heile familien!
Det er nokre endringar av reglane frå i fjor:
- Seinast dagen før kåring må alle opplysningane vere korrekt registrerte i sauekontrollen, også haustvekt og haustvektdato.
- For NKS-lam er O-indekskravet heva frå 110 til 115.
- Ta turen inn om NSG og les dei nye reglane som er innførte i 2016 : http://www.nsg.no/sau/karingsreglene-for-sau-2016-article11124-494.html
Hugs påmelding til Ove Sørestrand, 6947 Lavik tlf:577 06 170 seinast 2 dagar før sjået
Breim og Gloppen Sau og Geit.