Presseklipp siste åra i Breim Sau og Geit
Her kan du sjå mange av aktivitetane som har blitt gjennomført i Breim Sau og Geit gjennom 4 siste åra.
Takkar samtidig Gloppen Sau og Geit ved Kjell Mardal for mykje godt samarbeid.
Her kan du sjå mange av aktivitetane som har blitt gjennomført i Breim Sau og Geit gjennom 4 siste åra.
Takkar samtidig Gloppen Sau og Geit ved Kjell Mardal for mykje godt samarbeid.
Open Gard vart gjennomført på Norsk Fjordhestgard laurdag 1.Oktober. Breim Sau og Geit arrangerte i lag med Breim Bondelag, Norsk Fjordhestgard og Breim Bygdekvinnelag. Noko intens planlegging siste 40 dagane i forkant gav ein spire for rammene til ein god marknadsdag på fjordhestgarden. Engasjerte organisasjonar som jobba godt i lag med sine fagfelt. Breim Sau og Geit hadde ansvar for å rigge bingane i ridehallen for husdyra. Stille med sauer, kje og gjennomføre saueklipping og gjetarhundoppvisning for demonstrasjon. Sau og geit deltok iden generelle planlegginga og hadde hovedansvar for mediaprofileringa. God mediaomtale i forkant og etterkant av dagen gav resultat. kring 500 gjester møtte fram. Det var triveleg med kalvemønstring, hopping i høyet, mange ulike husdyrslag, riding med hest og vogn, maskinutstilling, ulike salsboder, partering av 2 lam på låvebrua og middag på låven.