Fagdelen var ved avtroppande landbrukssjef Jon Egil Vik. Han gav eit godt bilete av kor viktig jordbruket framleis er for kommunen vår med ca. 400 årsverk i næringa og kanskje 500 til som direkte følgje av jordbruket. Han hadde også tankar om korleis vegen går framover.

I matøkta hadde fylkesleiar Ragnhild Sæle ordet. Ho var imponert over frammøte og engasjement i Gloppen.

Kjell Mardal vart attvald som leiar. Med seg i styret har han Margret Sande (kasserar), Svein Hovstad (sekretær)  og Erik Ommedal (ny nestleiar). Kristian Mardal er 1. vara. For vel eitt år sidan slo Hyen seg saman med Gloppen SG som frå før berre hadde medlemmene sine rundt Gloppefjorden. No er vi mellom dei største laga i fylket med 55 medlemmer.

Elles kan vi nemne at det blei drøfta og vedtekne uttalar om smittevernsoner, beitetilskot og innspel til jordbrukstingingane.

Sekretæren.