Møtet starta med ein fagdel der Edvin Andre Hugvik orinterte om moderne hus, innreiing og ikkje minst foringssystem for sau. Interessant! Sjølvsagt særleg aktuelt for dei som står føre nybygging eller ombygging, men litt å plukka opp for oss andre også.

På slutten av matøkta vart Kornelius Samestad ropa fram av leiaren og utnemnd til æresmedlem i laget. Kornelius la i ei årrekkje ned mykje arbeid som leiar i laget vårt. Han var også aktiv i dei andre organisasjonane i ”bransjen” som verering og sankelag. Sjølv om han no ikkje har ansvar for sau sjølv, tek han i ein alder av 77 år del i sankinga kvar haust. I tillegg til gode ord, fekk han diplom, blomster og eit fint rosemåla fat.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Årsmøtesakene starta med gjennomgong av årsmeldinga som viste at det har vore god aktivitet i 2012. Vi må nemne at Hyen har slutta seg til oss i 2012, og det har tilført laget ca. 15 nye medlemmer. Saman med aktiv verving, gjer det at vi no er oppe i eit medlemstal på 57 ved årsskiftet. Det gode samarbeidet med Breim og Jølster Sau og Geit vart også understreka. Samarbeidet med Breim førte mellom anna til felles kåringssjå på Fjordhestgarden. Dette hausta lovord både frå styret og salen. Heile årsmeldinga kan lesast her.

Valnemnda ved Kristen Oddvar Sande hadde hatt
eit greitt oppdrag i år. Styret for 2013 ser slik ut:

Leiar:         Kjell Mardal

Kasserar:   Margret Sande

Nestleiar og sekretær: Svein Helge Hovstad

Varafolk:

1. Kristian Mardal 2.Christen Henning Arnestad 3.Erik Ommedal

Elias Eimhjellen vart ny medlem i valnemnda.