Ola Johannes og Kristian Mardal har bygd opp ein stor og fin sauefjøs med plass til ca. 200 søyer. Dei har litt over 150 dyr no, både NKS og spælsau. (+ nokre ”smårasar” for moro skuld.) Både Kristian og faren har stor interesse for sauehaldet, og det var interessant og lærerikt å høyre om drifta hans. Vi var samla 28 tilhøyrar i fjøsen, så det er godt det er romsleg der.

Johannes Nedrebø frå Nortura var med på fjøsmøtet og kom med innspel der. Han hadde også ei fagøkt om tiltak for å redusere lammetap. Det var etter at vi hadde installert oss i Mardal skule der resten av årsmøtet vart avvikla.