Infoskriv til medlemmene i Gloppen Sau og Geit

 I halvåret som har gått sidan årsmøtet, har styret lagt vekt på samarbeid med Breim og Jølster. På den måten kan medlemmene i området til alle tre laga få fleire tilbod, og vi kan markere oss meir utan at det vert for mykje arbeid for kvart lag.

Vi kan nemne kadaverhundsamling (og seinare kurs), fjelltur i august og fleire avisinnlegg.

 Vi vil også leggje vekt på god info til medlemmene våre. Heimeside for laget er oppe og går, og den prøver vi å halde oppdatert. De når sida frå NSG si heimeside, eller direkte på denne linken:  http://www.nsg.no/sfsg/gloppen/

 Viktige meldingar vil vi i tillegg få ut via e-post, brev og/eller annonse. Meininga er at dei som ikkje er aktive på internett også skal nåast!

 Kåringssjå laurdag 6.oktober kl.10 på Fjordhestgarden.

I haust blir det kåringssjå for heile Gloppen i ridehallen på Fjordhestgarden. Tilhøva har etter kvart vorte vanskelegare på Øyrane, og det var i jakta på gode alternativ at ideen om samarbeid om sjå kom opp. Det ser ut til at dette er eit opplegg som Mattilsynet godtek.

 Ridehallen er svært romsleg, og det er lett å lage til rikeleg med bingar utan snusekontakt. Vi kan køyre inn til bingane med traktor eller bil med hengjar og lettvint svinge rundt og ut att utan vanskeleg manøvrering. Og så er vi trygt under tak i usikkert haustver.

 Arrangementet er eit samarbeid, men Breim Sau og Geit har hovudansvaret. Dei vil t.d. krevje inn kåringspengane. (Ta helst med kontantar). Fjordhestgarden vil selje mat og kaffi. Det bli planlagt aktivitetar for born/familiar og vi håpar dette kan trekkje fleire enn berre dei som har med lam til kåring. Vi håpar det blir inspirerande for alle å møtast i eit litt større miljø! Sjå annonse i avisa for påmelding m.m. (Også lagt ut på lokallagssida vår).

 Sjået i år er eit forsøk som vi får evaluere på årsmøtet og drøfte om vi skal halde fram med.

 Klyppekurs.

I samarbeid med Breim håpar vi på å få til eit kveldskurs i saueklypping i oktober. Det vert lagt vekt på ullhandtering, men også på klyppeteknikk. Er du interessert, så ta kontakt med Kjell Mardal (97663197) snarast.

 Seminkurs

Vi fekk i dag ein e-post med påminning om at seminkursa i haust har påmeldingsfrist måndag 1.okt. Sjå nsg-semin si side. ( http://www.semin.nsg.no )

 Fjøsmøte

Vi håpar å få til eit fjøsmøte i slutten av oktober der hovudtemaet blir utplukk av livlam. Dette kjem vi attende til.

 Sjå også Jølster si lokallagsside om Avl i bruksbuskapar og Kadaverhundkurs. (begge veke 42)

 Helsing styret i Gloppen Sau og Geit, skrive 27.09.12.

 PS.     

Vi sender dette på e-post til dei vi har adresse til. Slike adresser blir endra i ny og ne. Fint om du då gir melding til svein.hovstad@online.no

Får du brevet på papir, men har likevel mail-adresse, så gi melding.