Breim og Gloppen Sau og Geit arrangerer fylket si største kåring av vêrlam. Også i år vert samla kåringslam frå heile Gloppen på Fjordhestgarden på Breim. For ikkje å bli for seint ferdige, startar kåringa klokka 9 inst i hallen, og vi håpar at særleg ein del frå nærområdet møter opp allereie då. Så kan folk med lengre veg komme etter kvart og fylle opp bingane utover i hallen. Dømminga vil gå kontinuerleg utan felles pause. Dommarane får ta pause på skift, og også matkjøp for utstillarar og tilskodarar tenkjer vi må strekkjast og gå litt på skift så det ikkje blir kø i matsalen.

Vi siktar mot ein triveleg familiedag inne i ridehallen på Norsk Fjordhestgard. Det vert aktivitetar for både store og små. Natursti for ungane og tippekonkurranse på vekta av vaksne verar. Mulighet for ungane til å ri på hest. Det er høve til å kjøpe betasupa eller pølse på låven frå kl.11.30-14. Det vert kaffiservering og noko å bite i nede i hallen.

Meld på lam og møt opp med heile familien! Også om du ikkje stiller lam i år, bør du ta med familie og venner og bruke dagen på Fjordhestgarden.

Vi minner om nokre punkt frå kåringsreglane: (heile regelverket på nsg.no/gard/)

  • Seinast dagen før kåring må alle opplysningane vere korrekt registrerte i sauekontrollen, også haustvekt og haustvektdato.
    Saueeigaren må vere medlem av NSG.
  • Krav til O-indeks: NKS 115, disp. 110, sjeviot og spel110, men kan kårast på disp ned til 105.

Påmelding seinast 2 dagar før sjået til:
Ove Sørestrand: ove.sorestrand@enivest.net eller tlf. 95138819

Saueeigaren kan også sjølv melde inn dyra sine på www.saueavl.nsg.no/gard/. Denne er open for registrering 14 dagar før sjået, og stenger 2 dagar før.

Sjå også annonse i Firda Tidend tysdag 3.oktober.