Breim og Gloppen Sau og Geit arrangerer fylket si største kåring av vêrlam. Storhendinga går føre seg på Fjordhestgarden på Breim. Her vert samla kåringslam frå heile Gloppen. I år vil vi prøve å bli tidlegare ferdig enn vi har vore dei siste åra. Derfor startar kåringa klokka 9 inst i hallen, og vi håpar at særleg ein del frå nærområdet møter opp allereie då. Så kan folk med lengre veg komme etter kvart og fylle opp bingane utover i hallen. Dømminga vil gå kontinuerleg utan felles pause. Dommarane får ta pause på skift, og også matkjøp for utstillarar og tilskodarar tenkjer vi må strekkjast og gå litt på skift så det ikkje blir kø i matsalen.

Vi siktar mot ein triveleg familiedag inne i ridehallen på Norsk Fjordhestgard. Det vert aktivitetar for både store og små. Natursti for ungane og tippekonkurranse på vekta av vaksne verar. Mulighet for ungane til å ri på hest. Det er høve til å kjøpe betasupa eller pølse på låven frå kl.11.30-14. Det vert kaffiservering og noko å bite i nede i hallen.

Meld på lam og møt opp med heile familien! Også om du ikkje stiller lam i år, bør du ta med familie og venner og bruke dagen på Fjordhestgarden.

Vi minner om nokre regelendringar frå i fjor:

  • Seinast dagen før kåring må alle opplysningane vere korrekt registrerte i sauekontrollen, også haustvekt og haustvektdato.
  • Krav til O-indeks:  NKS  115, sjeviot 110, spel110, men kan kårast på disp ned til 107. Sjeviotlam etter imporfedre kan kårast på disp. Lammet skal vere etter ein o-kåra far.

 

Påmelding seinast 2 dagar før sjået til:

Anne Lise Molland, 6869 Hafslo annelise.molland@nortura.no Tlf 57684144

 

Nytt frå i år er at saueeigaren sjølv kan melde inn dyra sine på www.saueavl.nsg.no/gard/.  Denne er open for registrering 14 dagar før sjået, og stenger 2 dagar før.

 

Sjå også annonse i Firda Tidend veka før sjået.