Kort årsmøtereferat
Gloppen Sau og Geit hadde årsmøte tysdag 3.februar på Mardal skule.
Frammøte var som vanleg godt, 25 medlemmer hadde funne vegen dit denne kvelden. Årsmøtesakene gjekk raskt unna, og dei som stod på val tok attval. Styret held altså fram med Kjell Mardal som leiar.
Fagleg innslag var ved Johannes Nedrebø frå Nortura. Johannes var som alltid jordnær og dyktig, og tipsa han kjem med er verd å ta med. Han snakka om ”lammehotell” som er felles oppdrett av overskotslam ved hjelp av automat for blanding av pulvermjølk. Eit anna tema var korleis minske lammetapet under lamming og gjennom dei første vanskelege dagane. Dette er ikkje viktig berre for omdømet, men i høg grad også for økonomien i sauehaldet. Og sjølvsagt snakka han også om hjartebarnet sitt, lammeringane, som berre ca. halvparten av leverandørane er med i, sjølv om det gir god økonomisk gevinst.
Saka om ”lammehotell” ser hos oss ut til å koke ned til at interesserte sauehaldarar i same ring eller med same utmarksbeite bør samarbeide om dette. Ein må i alle fall klarere det med Mattilsynet når ein skal samle lam frå fleire buskapar. Styret har ikkje funne nokon som vil ta på seg oppdrett av overskotslam i stor målestokk, og det var heller ingen på årsmøtet som kom med framlegg i den lei.