Styret for arbeidsåret 2016 ser slik ut:

Leiar  Kjell Mardal
Nestleiar  Erik Ommedal
Sekretær  Svein Helge Hovstad
Kasserar  Margret Sande
Varafolk er  Kristian Mardal,  Christen Henning Arnestad  og Rolv Roger Mykland
 

Arbeidsplan 2016.

Fjøsmøte hos Frode Fjellestad laurdag 19.03. Tema: Foring rundt lamming og haldvurdering.
Plakatar om bandtvang m.m., samarbeid med beitelaga?    
Fjelltur 2016? Ikkje noko ”sug” i årsmøtet etter dette, men viss høveleg tid og stad, sikkert ok.
Elles vart det nemnd ”faste postar” som søknad om hijakt, kåringssjå, jordbrukstingingane m.m.

Kjøp av ny sauevekt.

Fellesvekta er gammal og i dårleg stand. Har vore nemnd spleiselag med vereringen, men det går truleg ut for ringmedlemmane må vere varsame med fellesutstyr. (smittefaren). Styret får fullmakt til å avgjere saka.
 

Etter årsmøtesakene var det matøkt med livleg søg. Etter det fekk Johannes Nedrebø frå Nortura ordet. Han snakka mest om sesongen 2015 som vart ein overraskande god sesong. Det var 10 ROS-vinnarar frå laget vårt sitt område, dette av 200 i heile landet!
Så tok han føre seg  marknadssituasjonen og prognosar for i år. Han var optimist og synest marknadsbalanse er fordelaktig, men det vart både frå han og salen påpeika at litt vidare auke i produksjon kombinert med litt nedgang i sal, fort kan gjere situasjonen vanskeleg. Tiltak kan då vere å stimulere til å levere lamma noko før (og lettare), og elles prøve å auke salet.