Mange sauebønder og andre interesserte tok turen til Fjellbygda, der gardbukaren viste dei ca 40 frammøtte det nye fjøsbygget sitt. Fjøsen er tilbygg til eksisterande bygning. Tema for kvelden var kva erfaringar Frode har hatt med den nye fjøsen, og han forklarte dei frammøtte om korleis bruken var i denne typen fjøsbygning. Det var ein praktisk og romsleg fjøs for 160 vinterfora sauer, men heilt ut med manuell fôring. Kombinasjonen med innsett av smågris i sommarhalvåret gjorde at bygget vart nytta jamt gjennom heile året. Bruk av mange drikkeniplar, god lufting og inndeling i fleire romslege bingar gjorde fjøsen til ein triveleg arbeidsplass for bonden.

Småfeneringa går no i møte med ”vårens vakraste eventyr” med sesong for nyfødde lam. Då er det triveleg å kunne samlast med litt fagleg og sosialt påfyll i forkant av denne hektiske lammingstida som nærmar seg.

I sauehaldet er det også status med seniorrådgjevarar, så dermed hyra vi inn Rasmus Raad for å fortelje dei frammøtte om sine erfaringar med å vurdere haldet til sauen før lamming. Med over 60 års fartstid i sauehaldet, var det mange av dei yngre som samla seg tett ved Rasmus for å lytte til ein sauebonde med mykje erfaring. Det vart presisert kor viktig det var at sauene var så godt i stand som nettopp denne flokken til Frode var. Sauen skal mjølke godt etter lamming og derfor er det viktig med ein viss bruk av kraftfôr i denne tida slik at lamma får ein god start i livet med mykje god mjølk.

Deretter flytta forsamlinga seg inn i eit triveleg lokale under ein garasje med litt kaffi og matøkt.

Fagsjef Kjell Rune Vik frå Fiskå Mølle presenterte temaet ”fôring før og etter lamming”. Kunnskap kring fôring er viktig for bonden for å få ei best muleg drift og produsere eit produkt av god kvalitet. Bonden må samtidig tenkje på verdien av å nytte mykje utmarksbeite, samtidig som ein sit att med eit greitt økonomisk overskot.

Steinar Evebø som nyleg hadde vore på sentralt møte for tillitsvalde i Nortura, la fram tankar om situasjonen i ei tid med overproduksjon av lammekjøt. Han vidareformidla signal om at det vert viktig framover å levere lamma til slakt tidlegare og at slaktemogne lam ikkje treng ei etterfôring heime på garden før dei vert slakta.

Småfenæringa i Gloppen ynskjer at det vert sett meir fokus på verdien av at sauene nyttar heile sommaren på friskt utmarksbeite her i beiteområda våre, og at dette må verdsetjast betre av forbrukar. Det er viktig at næringa er bevisst på å berre bruke kraftfôr der det verkeleg trengs slik at ein totalt kan få mindre bruk av kraftfôr til sau.

(Tekst og foto: Vidar Sandal)