Vellukka årsmøte i Gloppen Sau og Geit.
Det var 28 frammøtte på Mardal skule tysdag 30.01. Veterinær Anne Berit Selle hadde faginnslag.
Det nye styret er samansett slik:
Leiar: Morten Rygg, attval
Med i styret: Erik Ommedal, attval; Per Kristian Eide, ny; Margret Sande, ikkje på val.
Varafolk: 1.Øystein Fjellestad 2. Rolv Roger Mykland 3. Christen Henning Arnestad .
Svein Helge Hovstad hadde sagt frå seg attval etter 12 år i styret
Etter årsmøtesakene var det matøkt med livleg søg. Så fekk Anne Berit Selle ordet. Ho kom innom tema som lammetap om hausten, bruk av snyltarmedisin og vaksine, og mangelsjukdommar og tiltak mot dei. Særleg la ho vekt på korleis uheldige behandlingsrutinar kunne føre til auka resistens hos snyltarpopulasjonen.
Klokka var godt over 22 når Morten takka for frammøtet. Praten gjekk vidare mellom ein del av deltakarane før vi alle tok kvelden.