Ein må vere godt nøgde med frammøtet både av stilte lam og av publikum. At det var litt færre lam enn i fjor skuldast nok eit dårlgare beiteår i 2013. Trass dette var det mange gode lam også i år. Den nye malen for kåringssjå i Gloppen fungerer fint. Vi fekk også god mediedekning, og det er viktig for næringa. Elles viser vi til mange fine bilete frå sjået som er å finne på Breim Sau og Geit si side.