Lam skambite av husky-hundane.
Eit lam vart funne skambite saman med huskyane på Eggja i Leikanger. Eigaren avliva lammet straks
Søndag kveld - 8/7 - var Einar Fortun frå Statens Naturoppsyn på staden og undersøkte lammet. Lammet hadde mange stygge sår frå hovudet og til bakparten.
Det er ingen tvil om at det er hund som har forvoldt denne skaden. Lammet har lidd voldsomt, seier Fortun. Store kjøtstykker var rive ut av låra.