Leita i heile dag

I heile dag har personar vore ute og leita i Leikanger-fjella etter dei to unge hundane, men det skal til no ikkje ha vore sett spor etter dei. Særleg har det vore leitt i Kleppa-området.

– Huskeyhundar er ein type hundar som likar å jakta. Like eins er det to unge hundar i lag på rømmen. Ja, eg kryssar fingrane for at me ikkje skal få inn meldingar om skadde sauer, seier Marit Henjum Halsnes.

Ta kontakt

Hundeeigar Tove Einan Linde håpar ho snart finn att hundane som er sakna.

– Dersom nokon ser dei må dei ta kontakt med meg med ein gong, seier ho.

Ho fortel at hundane er snille og i tidlegare møte med sauer har dei oppført seg eksemplarisk.