Årsmelding for Nordfjord Gjetarhundlag 2016

 

I 2016 har styret vore samansett slik:

Leiar: Janne Håheim

Nestleiar: Margrethe Garlid

Sekretær: Ida Elisabeth Lien

Kasserar: Ingunn Reme

Styremedlem: Knut Alsaker

1. Vara: Frode Gjerde

2. Vara: Mirjam Friberg
 

Styre har hatt tre styremøter og handsama 16 saker. Styre har også hatt kontakt via epost og sms.

I året som har gått har Nordfjord Gjetarhundlag hatt stor auke i medlemstalet. Laget er no oppe i ca 50 medlemmar. Aktiviteten med mange kurs og fellestreningar i laget har gjort at mange gjerne vil vere medlem og nytte seg av dei gode tilboda. Laget har også fått medlemmar som vil støtte laget pga sankehjelp.

Aktivitet på nettsida til Norsk Sau og Geit, samt facebooksida – «Nordfjord Gjetarhundlag» har vore viktig for laget. Her får ein ut informasjon raskt, og når dei fleste. Det har vore nytta epost og sms til dei som ikkje er med på sosiale medier.

Knut Alsaker og Frode Gjerde har fungert som materialforvaltarar. Janne Håheim som informasjonsansvarleg, og heile styret har delteke for å få inn sponsorinntekter. Leiar har delteke på møter i nemnda.

Ingunn Reme har hatt jobben som kasserar og har i 2016 hatt ein stor jobb med å få alle tal til å stemme. Den store aktiviteten i laget skaper også stor aktivitet for rekneskapsføraren. Styret er svært takksame for den jobben Ingunn har lagt ned i rekneskapsføringa. Mykje pengar har gått ut og inn av kontoen til laget, og økonomien er god - sjå rekneskap.

Nordfjord Gjetarhundlag har hatt opne treningsområder fleire stadar i heile Nordfjord, der det har vore stor aktivitet. Dei fleste treningsområda har vore tilgjengelege på visse dagar i veka, medan andre har vore etter avtale med eigar frå gong til gong. Dette har fungert fint.

Aktivitet gjennom året

9 . januar: Fagsamling Skei hotell, bruk av gjetarhund

10. januar: Fellestrening hos Halvor Tenden

17. januar: Årsmøte, Stadt

6. februar: Fellestrening Breim, ridehallen

20. – 21. februar: Kurs i Innvik med Anne Kari Veikleenget og Mette Berg.

27. mars: Fellestrening hos Roy Cato Hopland

10. april: Fellestrening hos Roy Cato Hopland

2 9. mai: Unghundkurs i Stryn med Margrethe Garlid

10. – 12. juni: Kurs med Aled Owen på Breim

26. juni: Unghundkurs i Stryn med Margrethe Garlid

3. juli: Unghundkurs i Stryn med Margrethe Garlid

10. juli: Fellestrening hos Halvor Tenden

5. august: Dugnad på baneutstyret, Oldedalen

7. august: Hundens dag hos Felleskjøpet. Demonstrasjon av Gjetarhund i arbeid v/ Margrethe Garlid

17. august: Medlemsmøte, Stryn

17. – 18. september: Norgesserie Erdalen

2 2. – 23. oktober: Kurs med Egil Syversbråten i Markane

30. oktober: Gjetarhundprøve i Olden

2. november: Temakveld augelysing, Nordfjordeid

5. – 6. november: Augelysing Eid Veterinærkontor, 40 hundar

19. – 20. november: Kurs med Egil Syversbråten på Breim

26. november: Julebord Raftevold Hotell

Nordfjord Gjetarhundlag vil takke sponsorar til Norgesserien for 2016:

  • Nordfjord Kjøtt

  • Nortura Førde

  • Felleskjøpet Stryn

  • Oldenvatn

  • XL – Bygg

  • Tine Meierier Byrjelo

  • Grunneigarane i Erdalen

  • Takk til alle andre som har støtta og som har stilt på dugnadsarbeid i 2016!

Halvor Tenden med Adam og Magnus Grimeland med Sanki kvalifiserte seg i år til norgesseriefinalen i Ørsta. Gratulerer!

Ein spesiell takk til Magnus Grimeland. Han har i år klart å skaffe Sogn og Fjordane ein ekstra plass i NM 2017. Dette er svært positivt for miljøet til dei som ønskjer å satse på konkurranse. Det vil også vere positivt at fleire kan reise i lag til NM og støtte kvarandre. Han har også vunne fylkesmeisterskapet i Sogn og Fjordane tre gongar med Sanki. Han fekk vandrepokalen frå Sogn og Fjordane Sau og Geit til odel og eige. Dette er ein stor prestasjon. Gratulerer!
 

3 Hundar har oppnådd bruksprov i 2016:

April og Magnus Grimeland

Pivi og Ailen Skogeng

Trixie og Halvor Tenden

Gratulerer til desse!


 

Nordfjord Gjetarhundlag